Ikkje nøl med å ta kontakt om du treng akutt helsehjelp

Frykt for koronasmitte må ikkje hindre folk i å ta kontakt med helsetenestene når dei har behov for akutt helsehjelp ved ulykker, alvorleg medisinske tilstandar, eller ved livstruande situasjonar som gjeld psykisk helse og rus.

Medisinsk naudnummer 113 er ope døgnet rundt


Redd for smitte

Administrerande direktør, Øyvind Bakke fortel at leiinga i Helse Møre og Romsdal har motteke fleire tilbakemeldingar både frå tilsette i føretaket og frå kommunar i fylket der dei ytrar bekymring for at folk vegrar seg for å kontakte helsetenestene i frykt for å bli utsatt for koronasmitte.

- Eg vil sterkt oppmoda befolkninga om ikkje å nøle med å ta kontakt og be om hjelp. Vi har god kontroll på smittesituasjonen ved våre sjukehus og det er ingen grunn til å frykte koronasmitte ved innlegging ved eit av våre sjukehus, seier Bakke.

Strenge smitteverntiltak er innført

Ved alle føretaket sine sjukehus, institusjonar og i dei prehospitale tenestene er det fokus på gode smittevernrutinar. Alle fire sjukehus har mellom anna oppretta eigne område (kohortområde) der pasientar som er mistenkt med koronasmitte, eller som har fått påvist koronasmitte blir isolert. Alle tilsette som har pasientkontakt har også fått opplæring i bruk av smittevernutstyr for å hindre smittespreiing.

Koronasituasjonen i føretaket 25.mars

Per. 25. mars kl.11.00 er det framleis innlagt tre pasientar med koronasmitte. Éin pasient i Ålesund og to pasientar i Molde. Tilstanden til pasienten innlagd ved Ålesund sjukehus er god. Dei to pasientane som er innlagd ved Molde sjukehus får intensivbehandling og tilstanden for begge er framleis alvorleg, men stabil. 

Kontakt 113 ved behov for akutt helsehjelp

Kontakt medisinsk naudnummer 113 ved behov for akutt helsehjelp til deg sjølv eller andre ved ulykker, alvorleg medisinske tilstandar, eller ved livstruande situasjonar som gjeld psykisk helse og rus.

Medisinsk naudnummer 113 er ope døgnet rundt.