Ikkje nøl med å ta kontakt om du treng akutt helsehjelp - også i påska

Frykt for koronasmitte må ikkje hindre folk i å ta kontakt med helsetenestene når dei har behov for akutt helsehjelp ved ulykker, alvorleg medisinske tilstandar, eller ved livstruande situasjonar som gjeld psykisk helse og rus. Dette gjeld også i påska.


F.v Øyvind Bakke, seksjonsleiar Frode Longva Hanssen, seksjonsleiar Ann Helen Tryggestad Arthur og klinikksjef Elisabeth Siebke
F.v Øyvind Bakke, seksjonsleiar Frode Longva Hanssen, seksjonsleiar Ann Helen Tryggestad Arthur og klinikksjef Elisabeth Siebke utanfor pandemimottaket på Ålesund sjukehus.

- Eg vil sterkt oppmoda befolkninga om ikkje å nøle med å ta kontakt og be om hjelp. Dette gjeld også i påskehøgtida. Vi har god kontroll på smittesituasjonen ved våre sjukehus og det er ingen grunn til å frykte koronasmitte ved innlegging ved eit av våre sjukehus, seier administrerande direktør Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal.

Strenge smitteverntiltak er innført

Ved alle føretaket sine sjukehus, institusjonar og i dei prehospitale tenestene er det fokus på gode smittevernrutinar. Alle fire sjukehus har mellom anna oppretta eigne område (kohortområde) der pasientar som er mistenkt med koronasmitte, eller som har fått påvist koronasmitte blir isolert. Alle tilsette som har pasientkontakt har også fått opplæring i bruk av smittevernutstyr for å hindre smittespreiing.


Koronasituasjonen i føretaket pr 8. april

Per. 8. april er det 9 innlagt pasientar med koronasmitte.

Ålesund sjukehus: 2 innlagde koronapasientar ved kohortavdelinga. Tilstanden til begge pasientar er etter forholda god.
Volda sjukehus: 1 innlagd koronapasient. Tilstanden for pasienten er framleis alvorleg, men stabil.
Kristiansund sjukehus: 4 innlagde koronapasientar. To pasientar får intensivbehandling. Tilstanden for desse er alvorleg, men stabil. To pasientar ligg på kohortavdelinga og tilstanden til den eine av desse pasientane er etter forholda god. Den andre kohortpasienten vil bli skriven ut frå sjukehus i løpet av dagen 8.april
Molde sjukehus: 2 innlagde koronapasientar. Tilstanden for den eine pasienten er framleis alvorleg, men stabil. Den andre pasienten ligg innlagd ved kohortavdelinga og pasienten er i betring.


Kontakt 113 ved behov for akutt helsehjelp

Kontakt medisinsk naudnummer 113 ved behov for akutt helsehjelp til deg sjølv eller andre ved ulykker, alvorleg medisinske tilstandar, eller ved livstruande situasjonar som gjeld psykisk helse og rus.
Medisinsk naudnummer 113 er ope døgnet rundt.