Tilsette ved sjukehuset var derfor godt førebudd på å ta i mot pasienten. Verken tilsette, eller andre pasientar ved Ålesund sjukehus har vore eksponert for smitte frå den koronasmitta pasienten

Elisabeth Siebke, klinikksjef ved Ålesund sjukehus
Personen som er innlagd kom heim frå ferie i utlandet 8. mars og har vore i heimekarantene.
- Vi har følgt våre smittevernprosedyrer og har gode planar for korleis vi skal ta imot pasientar som er smitta med korona. Pasienten ligg i ein skjerma del av sjukehuset (kohortavdelinga) i isolasjon. Tilstanden er stabil, seier Elisabeth Siebke, klinikksjef ved Ålesund sjukehus
Ålesund har pr. no to pasientar innlagt ved sjukehuset. Pasientane er stabile og får ikkje intensivbehandling.