Innlagd pasient ved Molde sjukehus har testa positivt på koronasmitte

Ein pasient innlagd ved Molde sjukehus testa positivt på koronasmitte seint tysdag kveld 17.mars. Pasienten er busett i Sunndal kommune.

- Pasienten blei henta i ambulanse og kom akutt sjuk inn til sjukehuset måndag kveld. Nødvendige smitteverntiltak og prosedyrer blei følgt ved transport og innlegging. Pasienten ligg på isolat på intensivavdelinga. Tilstanden er alvorleg, men stabil, seier Georg Johnsen, klinikksjef ved Molde sjukehus. 

Georg Johnsen, klinikksjef ved Molde sjukehus

Ikkje eksponert for smitte

Verken tilsette, eller andre pasientar ved Molde sjukehus har vore eksponert for smitte frå den koronasmitta pasienten. Helse Møre og Romsdal har dialog med Sunndal kommune og kommunen har starta smittesporing.

Mediakontakt:

• Spørsmål knytt til pasienten og behandlinga ved sjukehuset må rettast til Helse Møre og Romsdal.

• Spørsmål knytt til smittesporing og oppfølging av innbyggarane i Sunndal kommune må rettast til kommunen.

For kontakt med Helse Møre og Romsdal:

Guri Viken, kommunikasjonsrådgivar. Tlf.: 99 71 38 21, e-post: guri.viken@helse-mr.no

For kontakt med Sunndal kommune:

Sigrun Rødset, informasjonsleder. Tlf.: 917 29 894, e-post: sigrun.rodset@sunndal.kommune.no og 91729894.