Innlagt pasient ved Molde sjukehus har testa positivt på koronavirus

Fredag 20. mars blei ein pasient lagt inn ved Molde sjukehus, og laurdag viste testresultatet at pasienten er smitta av koronavirus.

​- Pasienten er stabil og ligg no i ein skjerma sengepost på sjukehuset, seier klinikksjef Georg Johnsen ved Molde sjukehus.

Pasienten blei innlagt grunna anna sjukdom, men det blei brukt smittevernsutstyr i samband med innlegginga.

- For å vere på den sikre sida har vi kartlagt personell som kan vere eksponert for smitte, og vi vil vurdere eventuelt karantene av tilsette, seier Johnsen.

Pasienten er busett i Tingvoll kommune, som no er i full gong med smitteoppsporing.

Molde sjukehus har to innlagde pasientar med påvist koronavirus.