Innspurt for optimalisert forprosjekt for akuttsjukehuset på Hjelset

I vidareutviklinga av akuttsjukehuset på Hjelset har prosjektorganisasjonen, i tett samarbeid med Skanska Norge AS, redusert bruttoarealet med om lag 18 500 m² brutto. Det er gjort utan å redusere funksjonar eller kapasitet som er vedteke for prosjektet.

Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal

Leiar for prosjektstyret

Johan Arnt Vatnan, leiar for prosjektstyret i SNR

- Prosjektet har jobba godt for å løyse funksjonane optimalt i ny layout innanfor tids- og kostnadsramma. Alle funksjonane er no plassert i bygningskroppen. Dei fleste områda er godt løyst, men det pågår framleis arbeid med å sikre god flyt og logistikk i funksjonsområda, sa leiar for prosjektstyret, Johan Arnt Vatnan.

Sjå presentasjonen frå styremøtet



Styrebehandling 10.juni

Arbeidet med ein optimalisering av forprosjektet for akuttsjukehuset på Hjelset er i innspurten og skal leggast fram for styret i HMR 10.juni. I sin orientering i dag fortalte Vatnan at koronasituasjonen ikkje har påverka framdrifta i prosjektet. Fysiske møte er erstatta med videomøte og samhandlinga mellom partane har fungert overraskande bra.
Vatnan orienterte vidare om at reduksjonen i bruttoareal sikrar avgjerande kostnadsreduksjonar i prosjektet, men det gir samtidig nokre utfordringar knytt til fleksibilitet og elastisitet i bygget.

- Brutto-netto-faktoren på 2,14 er på ein smerteterskel for å få til eit sjukehus med rett fleksibilitet, sa Vatnan.  

Ny form og arealreduksjon

Utviklinga av prosjektet har gitt ein betydeleg arealreduksjon

Ny førebels prognose

Ein førebels usikkerheitsanalyse gjennomført i mars/april visar ein ny estimert prognose for prosjektet er 4 793 mill. kroner. Det er innanfor ramma til Helse Møre og Romsdal, men 200 millionar kroner over styringsramma som er vedteke for prosjektet. Den forrige prognosa frå 26. mai 2019 var 5 187, 4 mill. kroner.

- Vi vil gjennomfører ein ny usikkerheitsanalyse i starten av juni og vil leggje fram resultatet av analysen i styremøtet i juni. Vi har fokus på å redusere prosjektet ned mot styringsramma, men det er for tidleg å seie om vi når denne ramma, sa Vatnan.

Viktig medverking

I arbeidet med på sikre gode driftsløysingar for pasientar og tilsette orienterte Vatnan om at det  vore viktig med tett involvering av tilsette, tillitsvalde og verneombod i HMR. Intern medverking og forankring vil også stå sentralt i det vidare arbeidet med detaljprosjektering av prosjektet der vi mellom anna skal jobbe med utforming av rom og utstyrsplassering.  Denne prosessen vil starte etter at det optimaliserte forprosjektet er klart.

- Basert på det eg får presentert i dag så opplever eg at vi fatta eit riktig vedtak då vi stoppa det førre prosjektet og ba om ein bearbeiding av prosjektet. Det er gjennomført ein formidabel kostnadsreduksjon i prosjektet og eg vil rose det arbeidet som er gjort så langt, sa styreleiar Ingve Theodorsen.

Adm. dir. Øyvind Bakke og fleire styremedlemmar ga også ros til arbeidet som er nedlagt av tilsette som har strekt seg langt i medverkingsarbeidet. Samtidig blei det av fleire peikt på at det framleis er behov for å redusere kostnadane i prosjektet, då føretaket samla sett har mange store utfordringar som skal løysast i åra som kjem.

Tentativ framdriftsplan