Inviterer til dugnad for å bidra med smittevernsutstyr

Helse Møre og Romsdal oppmodar alle som har tilgang på utstyr som: åndedrettsvern, vernebriller, hanskar, munnbind, visir og beskyttande dresser og frakkar om å ta kontakt.

Tilsette i smittevernutstyr ved Ålesund sjukehus
F.v smittevernrådgivar Kathrin Enebakk, Karoline Bakke Kjerstad og Marianne Herje frå BHT.

F.v smittevernrådgivar Kathrin Enebakk, Karoline Bakke Kjerstad og Marianne Herje frå BHT.

- Vi veit at mange bedriftar i Møre og Romsdal har denne typen utstyr og vi ønskjer å komme i kontakt med dei som har utstyr å avsjå. Samtidig vil eg nytte anledninga til å takke alle dei som allereie har bidrege med utstyr til sjukehusa vår, seier adm. dir. Øyvind Bakke.

Lite utstyr på lager

Helse Møre og Romsdal har framleis nødvendig smittevernsutstyr på lager, men har eit lite lager av enkelte varer. Det blir jobba både regionalt og nasjonalt med å skaffe til veie utstyr slik at framtidige behov kan sikrast.

- Vi har ein situasjon både regionalt og nasjonalt der vi førebels ikkje har sikra stabile og tilstrekkelege leveransar av smittevernsutstyr, men det blir jobba med ulike løysingar og eg har tru på at situasjonen vil betre seg, seier Bakke.

Ta kontakt

Bedrifter som ønskjer å bidra med utstyr kan ta kontakt på følgjande måte:

• Henvendelsar knytt til levering av utstyr frå lokale bedrifter kan avsjå kan sendast til postmottak@helse-mr.no 

• Leverandørar som forhandlar utstyr må kontakte suppliercovid19@sykehusinnkjop.no og saka blir følgt opp av Sykehusinnkjøp HF regionalt

• For henvendelsar rundt covid-19 og legemiddel, kontakt avtaleforvalter.legemidler@sykehusinnkjop.no