Iverksett konkrete tiltak for å kutte ventetida

Ventetidene skal ned i psykisk helse og rus i Møre og Romsdal. Aksjonspoliklinikk på kveldstid, videokonsultasjonar og rekruttering av psykologar var nokre av tiltaka Karl-Arne Remvik sjef i Klinikk for psykisk helse og rus la fram for styret i Helse Møre og Romsdal.

Karl-Arne Remvik sjef i Klinikk for psykisk helse og rus.

Helseføretaket har i dag for lange ventetider innan psykisk helse og rus i forhold til det nasjonale måltalet. I styremøtet onsdag la Remvik fram konkrete tiltak for korleis klinikken skal få ned ventetida for barn, unge og vaksne i psykisk helsevern, og dei som treng hjelp med rusproblem.

- På kort sikt rydder vi i listene slik at vi er sikre på at dei er riktige. Så iverkset vi ein aksjonspoliklinikk på kveldstid for å få unna ventelistene, seier Remvik, og legg til at det blir ei frivillig ordning for dei tilsette.

Presenterte 19 tiltak
Klinikksjefen presenterte 19 konkrete tiltak for styret. Mellom anna skal styrking av stabsfunksjonar og meir effektive arbeidsprosessar frigjere meir tid til behandling av pasientane. Remvik nemner også auka bruk av videokonsultasjonar som eit tiltak som både kan korte ventetidene, men som også kan gjere kvardagen enklare for pasientane.

- Videokonsultasjonar er akkurat som eit vanleg poliklinikkbesøk, og eit tilbod vi no kan gje til stadig fleire av pasientane som ynskjer det. Den største fordelen med videokonsultasjonar er at pasientane slepp å bruke tid på å reise til oss, seier klinikksjefen.

Rekruttering den største utfordringa
Mangelen på psykologar og psykologspesialistar er den største utfordringa for å få kutta ventelistene. Helseføretaket sett no ekstra fokus på å gje dei tilsette betre moglegheiter for fagleg utvikling og å gje gode støtteordningar for dei som tek spesialistutdanning. Det er også gitt eit lønnsløft samla sett på 10 millionar kroner for psykologane i helseføretaket.

Helse Møre og Romsdal går også nye vegar for å tiltrekke seg tilsette.

- Vi er no aktivt ute på universiteta for å rekruttere psykologar. Det er viktig for oss fortelle om det gode tilbodet vi har, og ikkje minst alt det flotte fylket vårt har å by på, seier Remvik, som konkret tilbyr sommarjobb og hovudpraksis til studentane. Han vektlegg også at nytilsette får eigen vegleiar og tilpassa arbeidsoppgåver.