Janita Skogeng blir konstituert som klinikksjef for kvinner, barn og ungdom

I samband med at Elisabeth Siebke er konstituert som klinikksjef for Ålesund sjukehus, tek Janita Skogeng over ansvaret for klinikk for kvinner, barn og ungdom frå måndag 10. februar.

Janita Skogeng, konstituert klinikksjef i Klinikk for kvinner, barn og ungdom


- Eg er glad for tilliten og ser fram til å kunne bidra i vidareutviklinga av klinikken og pasienttilbodet. Vi har mange stor oppgåver og spennande utviklingsarbeid å følgje opp i klinikken, noko eg ser fram til å ta fatt på saman med dyktige medarbeidarar, seier Skogeng.

Lang leiarerfaring

Skogeng som kjem frå Balsfjord i Troms er utdanna jordmor, og jobba i perioden 1996 til 2003 som jordmor ved Kongsberg sjukehus. I perioden 2003-2006 var Skogeng forhandlingssjef i Den norske jordmorforening. Skogeng blei tilsett som avdelingssjef i Helse Møre og Romsdal i 2006, og fekk i samband med omorganiseringa i 2016 auka ansvarsområde som avdelingssjef for avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdommar.

- Eg har fått eit godt inntrykk av Skogeng. Ho kjenner organisasjonen godt og eg er trygg på at ho vil gjere ein god jobb i tida som konstituert klinikksjef, seier Øyvind Bakke, administrerande direktør.

Skogeng skal fungere i klinikksjef-stillinga fram til ein har tilsett ny klinikksjef for Ålesund sjukehus. Denne stillinga blir innan kort tid lyst ut eksternt.