Justerer kriterier for testing av koronavirus

Frå 20. april gjeld nye testkriterier frå Folkehelseinstituttet.
Illustrasjonsbilete
Illustrasjonsbilete

​- Dei nye anbefalingene frå Folkehelseinstituttet samsvarar i stor grad med det vi la opp til i vår lokale tilrådning. Vi kjem no til å samkøyre våre testkategoriar med FHI sine, samtidig som vi legg til to nye kategoriar, seier overlege og avdelingssjef Einar Nilsen i Avdeling for mikrobiologi i Helse Møre og Romsdal.

Frå 20. april er det desse testkategoriane som gjeld:

Person med akutt luftveisinfeksjon med feber, hoste eller tungpustheit, eller presonar som lege mistenker har covid-19 og som er:

  1. Pasient som treng sjukehusinnlegging
  2. Pasient/bebuar på sjukeheim eller anna helseinstitusjon
  3. Tilsett i helsetenesta som jobbar pasientnært
  4. Vaksen eller eldre person (over 65 år) og som har alvorleg underliggande sjukdom
  5. Person i karantene grunna nærkontakt med eit bekrefta tilfelle av covid-19, eller etter reise
  6. Tilsett, barn eller elev i gjenopna barnehage, skule eller skulefritidsordning
  7. Husstandsmedlemmar til barn som til dagleg møtar i barnehage eller går på skule (desse vil også bli testa ved mildare akutte luftveissymptom som har vart over to døgn)
  8. Andre personar med mistanke om covid-19

HMR vil i veke 17 (20.-26. april) opne for testing i kategori 1 til 7.
Om ein husstand har fleire barn/ vaksne som fell under kategori 6 og 7, ber vi om at berre ein person per. husstand blir testa. Ut frå prøvemengda som blir mottatt dei første dagane vil «opne kategoriar» kunne bli justert i veke 17.

Les meir om dette på Folkehelseinstituttet sine sidar.