Kartlegg talet på tilsette i HMR som var på Hellbillies-konsert

I samband med at ein person som var på besøk i Molde, har testa positiv på koronaviruset så har føretaket iverksatt ein internt kartlegging for å få oversikt over eigne tilsette som deltok på Hellbillies-konserten 29.februar.


​Den smitta personen besøkte også baren Tapp & Kork i Molde laurdag kveld. Fagdirektør Torstein Hole ber helsepersonell i Helse Møre og Romsdal som var til stede under konserten, eller som besøkte baren om å melde frå til næraste leiar.

- Vi følgjer råda frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. I utgangspunktet skal tilsette som er friske gå på jobb som normalt. Eg ber tilsette om å være særlig oppmerksom på eigen helsetilstand og varsle leiar ved symptom på smitte. Leiarar i HMR vil kunne gjøre individuelle vurderingar knytt til den enkelte tilsette og sin eining. I avdelingar eller seksjonar med særlig sårbar drift vil ein kunne be tilsette om å gå i heimekarantene, seier Torstein Hole, fagdirektør i HMR

Kartlegg situasjonen 

Ved sjukehuset i Molde er det satt i gang ein kartlegging internt på sjukehuset for å få oversikt over tilsette som var til stede på konserten og den aktuelle baren. Tilsette ved andre sjukehus, eller einingar i føretaket som var på dei same stadene laurdags kveld blir bedt om å varsle næraste leiar.

Helse Møre og Romsdal har satt opp en eigen vakttelefon for å raskt kunne hjelpe tilsette som har spørsmål i samband med handtering av koronautbruddet.