Klargjer til bygging av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

I desember 2020 skal funksjonsprosjektet for akuttsjukehuset på Hjelset vere klart. Det vil danne grunnlaget for byggeprosjektet som er planlagd å starte opp før jul i år.

Skisse av akuttsjukehuset på Hjelset under utvikling

Johan Arnt Vatnan, leiar av prosjektstyret

- Vi er i rute med funksjonsprosjektet der vi kvalitetssikrar og vidareutviklar akuttsjukehuset ved å detaljere ut romma og plassere utstyr. Tilsette og brukarar bidreg med viktige innspel i denne prosessen, sa Johan Arnt Vatnan, leiar for prosjektstyret.


I si orientering til styret i Helse Møre og Romsdal 15.september, presenterte Vatnan nye skisser frå innsida av akuttsjukehuset som viser korleis ein er i ferd med å klargjere etasje for etasje.

Akuttmottaket og korttidsposten i SNR

Detaljering av rom med utstyr

- Vi har tøffe mål både når det gjeld økonomi og areal. Vi har same prognose som vi presenterte i juni på 4.793 millionar kroner, noko som betyr at vi framleis har ein utfordring for å komme ned til styringsramma for prosjektet på 4.590 millionar kroner (januar 2020-kroner), sa Vatnan.

Har endra forma på psykiatribygget

For å redusere kostnadar har prosjektet jobba med fleire tiltak. Eit av tiltaka har vore å  vidareutvikle den bygningsmessige løysinga for psykiatrien slik at ho blir betre både driftsmessig og økonomisk.

Ny løysing for psykiatrien

- I samarbeid med Skanska har vi kome fram til ei ny og betre løysing for psykiatrien. I det vidare arbeidet skal vi jobbe saman med tilsette og brukarar for å detaljere løysinga vidare for å leggje til rette for optimal drift både for pasientane og dei tilsette, sa Vatnan. 

Brubygging på Hjelset i haust

Veidekke Entreprenør AS er godt i gang med å førebu bygging av éi gang- og sykkelbru og éi vegbru på Hjelset. I haust er det rydda skog på tomta og byggestart for bruene er planlagd til månadsskiftet september/oktober i år med ferdigstilling i mars 2021.

Nye bruer skal etablerast på Hjelset

Foreslår å endre namn på tilbodet i Kristiansund

I samband med vidareutviklinga av spesialisthelsetenestetilbodet i Kristiansund, har det vore fremma eit ønske om å bytte ut namnet distriktsmedisinsk senter (DMS) for tilbodet som skal etablerast i dagens sjukehusbygg. I styremøtet la adm. dir. Øyvind Bakke fram eit forslag om å nytte Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Kristiansund i staden for DMS.

SNR-tilbod skal eablerast i Kristiansund

- For meg er SNR eitt sjukehus med to lokalisasjonar. Derfor foreslår eg at namna blir SNR Kristiansund og SNR Hjelset, sa Bakke

Nye tilbod

Bakke påpeikte at ei namneendringa ikkje endrar konseptet frå 2016 då det blei vedtatt eit breitt og godt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi for Kristiansund. Det skal ikkje vere øyeblikkeleg hjelp, døgnkontinuerleg turnus, eller legar i vakt i Kristiansund. Kristiansund skal optimalisere drifta knytt til elektiv aktivitet og akuttfunksjonane skal vere på Hjelset. 

For å konkretisere og vidareutvikle tilbodet blei det våren 2020 satt ned to arbeidsgrupper i HMR som skulle vurdere kva tilleggstenester innan psykiatri og somatikk som føretaket kan tilby i Kristiansund.

Arbeidsgruppene la nyleg fram sine forslag til leiargruppa i føretaket der dei peikte på fleire spennande moglegheiter for etablering av tilbod. Eitt av tilboda som leiargruppa har vedtatt for Kristiansund er eit senter for tarmscreening for pasientar i Nordmøre og Romsdal. Vidare er leiargruppa positive til at protese-kirurgi kan inngå som ein del av tilbodet, men det føreset mellom anna at Kristiansund kommune vil etablere døgnsenger i same bygg. Leiargruppa er også positive til at fleire av HMR sine tenester innan psykisk helsevern kan flyttast til dagens sjukehusbygg i Kristiansund.  

- Eg vil kome tilbake til styret med ei sak i oktober med ei anbefaling om kva vi kan samle av tenester i Kristiansund. Eg er opptatt av at vi greier å sjå heilskapleg på utviklinga av pasienttilboda for Nordmøre og Romsdal. For å lukkast med rekruttering, innflytting og drift av SNR, så er vi avhengig av at fagmiljøa i Kristiansund og Molde blir samla og meir robuste både gjennom organisasjonsutvikling og utviklinga av pasienttilbodet. Vi er også avhengig av eitt tett og godt samarbeid med kommunane og eg opplever at vi er inne på eit positivt spor, seier Bakke.

Felles klinikksjef for Kristiansund og Molde

For å sikre ei best mogleg samla utvikling og planlegging inn mot SNR så vil Bakke lyse ut stillinga som klinikksjef for SNR i løpet av hausten. 

- Ei sentral oppgåve for den nye klinikksjefen vil vere å sikre ein god prosess saman med OU SNR (organisasjonsutvikling) fram mot innflytting i SNR. Begge klinikksjefane i Kristiansund og Molde har gjort ein god jobb sidan dei blei konstituert i sine stillingar. I det vidare arbeidet vurderer eg likevel at det er viktig å få på plass éin felles leiar som får ansvar for å leie både dagens drift, samt nødvendige førebuingar inn i SNR, sa Bakke. 

Den nye klinikksjefen skal ha fysisk arbeidsstad ved begge sjukehusa og vil få ansvar for å leie dei fem avdelingane som ligg til klinikkane i dag.