Konstituerer fire stadlege klinikksjefar på sjukehusa

Frå 1. mars får sjukehusa i Møre og Romsdal nye stadlege klinikksjefar. Måndag møtte dei fire nye sjukehusleiarane til oppstartssamling i Ålesund.

F.v: Knut Nautvik, Georg Johnsen, Elisabeth Siebke og Åge Austheim

F.v: Knut Nautvik, Georg Johnsen, Elisabeth Siebke og Åge Austheim

Dei konstituerte klinikksjefane som får ansvaret for fagområda akuttbehandling, medisin og kirurgi på kvart sitt sjukehus er:

  • Åge Austheim  for Kristiansund sjukehus
  • Georg Johnsen for Molde sjukehus
  • Elisabeth Siebke for Ålesund sjukehus
  • Knut Nautvik for Volda sjukehus

- Eg er svært takksam for at fire dyktige leiarar har sagt ja til å ta på seg dette viktige oppdraget, og eg kjenner meg trygg på at dei tilsette sluttar seg opp om desse slik at vi lukkast saman, seier administrerande direktør Øyvind Bakke.

Samla for å planlegge fram mot mars

Mandag var dei fire samla i administrasjonsbygget i Ålesund, og på agendaen stod planlegging av perioden fram mot 1. mars.
 
Klinikksjefane vil få ansvaret for fagområda akuttbehandling, medisin og kirurgi på sitt sjukehus. Sidan sjukehusa i Helse Møre og Romsdal no får stadlege klinikksjefar, vil rolla som sjukehuskoordinator falle bort.

Les også:
Vil innføre stadleg leiing ved dei fire sjukehusa
Slik blir det nye organisasjonskartet
 
- Det blir viktig å raskt etablere nye strukturar for klinikksjefane sitt ansvarsområde i det enkelte sjukehus. Dette skal vi jobbe saman om dei neste vekene, og da blir det viktig å også ha ein tett dialog med dei noverande klinikksjefane, seier Bakke.

I møtet på mandag deltok også representantar frå leiargruppa samt tillitsvalde frå Norsk sjukepleiarforbund, Fagforbundet og Den norske legeforening.

Leiarerfaring frå sjukehusa

Dei fire nye klinikksjefane har alle leiarerfaring frå helseføretaket.  Georg Johnsen er utdanna anestesilege og har den siste tida vore konstituert i stillinga som avdelingssjef for anestesilegane i Klinikk for akuttbehandling.
 
Åge Austheim er spesialist i indremedisin, og har sidan i fjor sommar vore avdelingssjef for medisinsk avdeling på Kristiansund sjukehus.
 
Knut Nautvik er utdanna sjukepleiar og har lang leiarerfaring frå helseføretaket. Han var mellom anna klinikksjef i Klinikk for kirurgi ved Volda sjukehus før han blei sjukehuskoordinator. Klinikksjefstillinga ved Volda sjukehus er lyst ut internt med søknadsfrist 14. februar.

Elisabeth Siebke er utdanna barnelege og er nytilsett klinikksjef i Klinikk for kvinner, barn og ungdom.  Klinikksjefstillinga ved Ålesund sjukehus vil snarleg bli lyst ut eksternt.

Ein jobbar med ei konstituering i Klinikk for kvinner, barn og ungdom medan Siebke er konstituert i stillinga som klinikksjef for Ålesund sjukehus.

Ny leiargruppe

Det nye organisasjonsmodellen som skal vere verksam frå 1. mars ser slik ut:

Ny organisasjonsstruktur

Ny organisasjonsstruktur

I samband med endring i organisasjonsstrukturen, blir det oppretta to nye klinikkar: Klinikk for prehospitale tenester (som før var ein del av Klinikk for akuttbehandling) og Klinikk for kreft og rehabilitering (som før var ein del av Klinikk for medisin og rehabilitering).
 
Det er førebels ikke avklart kven som blir klinikksjef for Klinikk for prehospitale tenester, medan Jorun Bøyum blir klinikksjef i Klinikk for kreft og rehabilitering.
 
Kjersti Bergjord, som i dag er klinikksjef i Klinikk for akuttbehandling, har valt å gå tilbake til klinisk arbeid som anestesilege.

- Eg og Kjersti har over tid hatt dialog om innplassering som klinikksjef på sjukehuset i Ålesund, og eg meiner at ho ville vært en svært god kandidat til å fylle den rolla. Eg ønsker å takke Kjersti for den gode jobben ho har gjort i klinikken, og veit ho kjem til å bli sakna som klinikksjef, seier Bakke.
 
Astrid Johanne Brandshaug, klinikksjef i Klinikk for kirurgi, har vore borte frå jobb ei tid grunna alvorleg sjukdom i næraste familie. Bakke er i dialog med Brandshaug om ei anna leiarrolle i føretaket.

- Astrid Johanne har over tid lagt ned ein stor innsats for helseføretaket og innehar ein kunnskap og innsikt som eg sett høgt og som foretaket har bruk for i tida framover. Eg ønsker å takke ho for innsatsen som klinikksjef, og er glad for at ho kan vere ein nær medarbeidar for meg i tida framover, seier Bakke