Pasienten har vore sjuk over ei tid og tilsette ved sjukehuset var derfor godt forberedt på å ta i mot pasienten. Verken tilsette, eller andre pasientar ved Volda sjukehus har vore eksponert for smitte.

Palma Hånes, klinikksjef Volda sjukehus
- Vi har følgt våre smittevernprosedyrer og har gode planar for korleis vi skal ta imot pasientar som er smitta med korona. Pasienten ligg i ein skjerma del av sjukehuset (kohortavdeling) i isolasjon. Tilstanden er stabil, seier Palma Hånes, klinikksjef ved Volda sjukehus
Personen som er innlagd kom heim frå ferie i Østerrike 7. mars og har vore i heimekarantene sidan da
Kontaktperson for media:
Guri Viken, kommunikasjonsrådgivar
E-post: guri.viken@helse-mr.no
Tlf.: 99 71 38 21