Koronasmitta pasient på Ålesund sjukehus

Per 12. mars har Helse Møre og Romsdal ein koronasmitta pasient innlagt. Barnet som var innlagt på Kristiansund har testa negativt.

 

Torsdag ettermiddag, 12.mars, fekk helseføretaket stadfesta at ein pasient som er innlagt på Ålesund sjukehus har testa positivt på koronavirus.

- Alle smittevernprosedyrar har blitt fulgt frå mottak av pasient til innlegging, og pasienten ligg no på isolat, seier fagdirektør Torstein Hole.

Same ettermiddag kom det endelege testresultatet frå den nye prøva som blei tatt av barnet som var innlagt ved barneavdelinga på Kristiansund sjukehus. Prøva visar at barnet ikkje er smitta av koronavirus.

Barnet er no skiven ut frå sjukehuset og er i betring.

- Barnet har blitt behandla som at det var smitta av koronavirus, og 15 - 20 tilsette har derfor vore satt i karantene som følgje av situasjonen. Så det er særs gledeleg, både for familien og for oss, at dette blei det endelege resultatet, seier Hole.