Koronatest hos pasient viste seg å vere negativ

Pasienten som vart innlagt ved Kristiansund sjukehus og testa positivt på koronavirus onsdag viste seg likevel å vere negativ.

Onsdag ettermiddag vart ein pasient innlagt ved Kristiansund sjukehus. Pasienten vart opprinneleg innlagt for ein medisinsk tilstand, men seinare mistanke om korona førte til at pasienten vart testa, med positivt resultat.

Det vart gjennomført ein kontroll av den første positive prøven og i tillegg tatt ny prøve av pasienten. Begge prøvene viste negativt resultat.

- Vurdert ut i frå pasienten sitt sjukdomsbilde og desse prøvene, er vi no sikker på at pasienten ikkje er smitta av koronavirus, seier smittevernoverlege Jørn-Åge Longva.

- Erfaringa så langt, er at det er svært sjelden vi får slike feil, men det kan skje. Det er ein liten risiko i all prøvetaking at resultatet kan være såkalt falskt positivt. Det vil seie at det gir utslag på prøver utan at pasienten er smitta. Ein vurderer difor det totale sjukdomsbildet og andre prøver i kvar enkelt situasjon.  Gjennom at alle såkalla hurtigtester blir kontrollert på nytt i laboratoriet blir slike falskt positiv svar oppdaga, uttalar Longva.
 
- Pasienten, pårørande og kommuneoverlege er varsla. Dei ti tilsette på sjukehuset og to tilsette i ambulansetenesta som vart satt i karantene etter hendinga, er no også informert og karantena er oppheva. Det gjeld også dei tre innlagde pasientane som vart satt i karantene, seier smittevernoverlege Jørn-Åge Longva.