- Vi har klart å utvikle eit mykje meir effektivt bygg som vil gje gode logistikk- og driftsløysingar, samtidig som det blir rimelegare å bygge å realisere enn den gamle byggløysinga, sa Johan Arnt Vatnan, leiar for prosjektstyret for SNR.

Ny skisse av akuttsjukehuset på Hjelset
Samhandlingsfase
Sidan november i fjor har SNR-prosjektorganisasjonen i samarbeid med totalentreprenør Skanska og deira rådgivarar arbeidd med å vidareutvikle det nye felles akuttsjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Vatnan fortalte at arbeidet er krevjande for å nå dei økonomiske rammer som er vedtatt for prosjektet.
Arealreduksjon
Bruttoarealet er redusert frå 72.000 kvadratmeter til om lag 55.000 kvadratmeter. Nettoarealet er teke ned med om lag 1500 kvadratmeter i tråd med tidlegare styrevedtak, utan at ein har endra funksjonar eller kapasitetar som er vedteke for SNR.
- Vi har i hovudsak krympa bruttoarealet i bygget, slik som teknisk krypkjellar, parkeringskjellar, ambulansestasjon, samt at tekniske anlegg er fordelt med fleire og mindre system, sa Vatnan.

Johan Arnt Vatnan, leiar for prosjektstyret for SNR
Fokusområde i prosjektet
Vatnan orienterte om at prosjektet har fokus på tilpassingar av bygget som legg til rette for bruk av ny teknologi og nye behandlingsmetodar. Han la vidare vekt på at prosjektet leiter etter moglegheiter for industrialisering med løysingar der enkelte modular i sjukehuset kjem ferdigprodusert frå fabrikk. Prosjektet vurderer også korleis ein kan leggje opp til bygging der ein sikrar parallell bygging på fleire delar av akuttsjukehuset for å sørge for effektiv byggetid.
Medverking frå tilsette i HMR
Tilsette frå HMR i prosjektorganisasjonen tek aktivt del i samhandlinga som skjer i Skanska sine lokalar i Trondheim. Det har også vore jamleg informasjon og dialog med leiargruppe, tillitsvalde og verneombod, samt utvalde gruppeleiarar som har følgd prosjektet over tid. Utover våren blir det fleire møte med tilsette i HMR for å kvalitetssikre løysingar mellom anna med tanke på nærleik mellom funksjonar, flyt og logistikk samt å sikre forankring og eigarskap til ny løysing.

DMS skal etablerast i dagens sjukehusbygg i Kristiansund
DMS i Kristiansund
Vatnan orienterte til slutt om arbeidet med å vidareutvikle tenesteinnhaldet i det distriktsmedisinske senteret som skal etablerast i Kristiansund. Han var tydeleg på at prosjektet er avhengig av å lukkast med DMS-utviklinga som ein viktig del av spesialisthelseteneste-tilbodet i SNR
Prosjektleiar Joakim Varvin har i vår invitert til eit arbeidsseminar for å vidareutvikle tilbodet som kommunane og føretaket tilby innbyggarane. Målet er å få konkretisert tilbodet i løpet av 2020.

Adm. dir. Øyvind Bakke orienterer til styret
Organisasjonsutvikling inn mot SNR
For at HMR skal få full nytte av investeringa i SNR , må det settast i verk eit systematisk og koordinert OU-arbeid. I styret orienterte adm. dir. Øyvind Bakke om at han vil sikre gjennomføring av omfattande organisasjonsendringar for å førebu organisasjonen på flytting og det å ta i bruk akuttsjukehuset på Hjelset og spesialisthelsetenestedelen ved DMS i Kristiansund.
Styret fekk framlagt eit mandat for ein OU-funksjon som skal leie dette arbeidet og bad om å få ein heilskapeleg prosjektplan framlagt innan sommaren 2020. Det er venta at Bakke vil tilsette leiar for OU-funksjonen i vår.