Legg fram Optimalisert forprosjekt for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR)

10. juni legg Helse Møre og Romsdal fram Optimalisert forprosjektet for SNR til styrehandsaming. Gjennom samhandlingsfasen har prosjektet lukkast med å finne nye løysingar som har redusert prognosa frå Forprosjektet med over ein halv milliard kroner. 

Illustrasjon over det nye akuttsjukehuset for Nordmøre og Romsdal

- Eg vil gje ros til og takke alle som har bidrege i arbeidet med å finne nye og gode løysingar som gjer at vi kan få realisert SNR-prosjektet på ein trygg og god måte. Vi er framleis ikkje i mål, men eg har tillit til at prosjektet vil finne fleire kostnadsreduserande tiltak i tida fram til byggestart, seier Øyvind Bakke, adm. dir. i Helse Møre og Romsdal

Les styresaka her

Les optimalisert forprosjektrapporten her

Akuttsjukehuset på Hjelset

Akuttsjukehuset på Hjelset

Resultat av arbeidet

Føremålet med det Optimaliserte forprosjektet har vore å vidareutvikle akuttsjukehuset på Hjelset for å betre bygningsmessige og byggtekniske løysingar, og redusere kostnadane til å vere innafor styringsramma som er satt for prosjektet.  I rapporten som blir lagt fram for styret blir dei viktigaste resultata frå optimaliseringsarbeidet trekt fram.

  • Redusert nettoareal ved at 1500 m2  programareal, samt ambulansestasjon er tatt ut 
  • Redusert bruttoareal ved at parkeringskjeller er fjerna. Tekniske areal er komprimert og optimalisert. Vestibyle og adkomstareal er redusert. 
  • Endra byggesystem ved å optimalisere byggemetodar, fundamentering, forenkla konstruksjonar og redusert fotavtrykk 
  • Endra bygningsmessig konsept ved ny plassering i terreng, betra massebalanse, endra frå kubar til lamellar, fjernet sprang og veggar som er trekt inn, nye fasadeløysingar og optimalisert plassering av tekniske rom
  • Auka moglegheit for standardisering og industrialisering ved tidleg involvering av entreprenør. Delar av bygget skal leverast i modular og prefabrikasjon av sjakter og utvalte rom skal vurderast i det vidare arbeidet
  • Optimalisering av tekniske anlegg ved at alle dimensjoneringskriterier for sjukehuset er kritisk gjennomgått for å fjerne unødig installerte effektar.

- Prosjektutviklinga har skjedd med god medverking frå tilsette, tillitsvalde, vernetenesta og brukarar i HMR, noko som er avgjerande for å finne gode logistikkmessige – og driftsmessige løysingar for både pasientane og dei tilsette, seier Bakke.

Plassering av funksjonar i bygget

Plassering av funksjonar i bygget

Reduksjon i investeringskostnadar

Før optimaliseringsarbeidet starta var prognosen basert på Forprosjektet for SNR på 5 294 MNOK (januar 2020-kroner). Den 3. juni blei i det gjennomført ei ny usikkerheitanalyse basert på det Optimaliserte forprosjektet som kom ut med ei prognose på 4 766 MNOK (januar 2020-kroner).

​Økonomiske rammer​MNOK
​Styringsramme SNR​4 590
​Ramme Helse Møre og Romsdal​4 858
​Ramme Helse Midt-Norge​5 086

Dei økonomiske rammevilkåra ligg fast

- Vi har eit klart mål om å kunne redusere kostnadane ytterlegare fram til byggestart. Saman med Skanska med deira rådgivarar og arkitektar vil vi gjennom Funksjonsprosjektet gå vidare med detaljprosjektering og finne løysingar som legg til rette for industrialisering og modulbygging, seier Johan Arnt Vatnan, leiar for prosjektstyret.