
Overlege Tor-Johannes Stray Slørdahl (Helse Møre og Romsdal), universitetslektor Nancy Walderhaug (NTNU) og overlege Odd Eirik Elden
Protokollskolen, offisielt kalt "Helseforsking - frå idè til prosjektprotokoll", er ei satsing frå Helse Nord-Trøndelag, Helse Møre og Romsdal og NTNU, og kvalifiserer til 7,5 studiepoeng på sistnemnde universitet.

Torstein Hole. Foto: K. Støylen
Fagdirektør i Helse Møre og Romsdal og fagansvarleg for Protokollskolen, Torstein Hole, seier målet med vidareutdanningskurset er å auke den generelle forskarkompetansen til deltakarane.
-Det gjer at fleire skal kunne kvalifisere seg til opptak for forskarutdanning, og få doktorgradsstipend, seier Hole.
Søknadsfrist er 11. februar.
Les meir om studiet eller søk om plass på NTNU sine nettsider
-Ein flott inngong til forskingsfeltet
I tilegg til å lære å skrive forskingsprotokoll og vitskaplege artiklar, får deltakarane opplæring i litteratursøk og planlegginga av eit forskingsprosjekt.
Kurset har 15 plassar, og består av fire samlingar. To samlingar vert avholdt med fysisk oppmøte i Ålesund og Stjørdal, og to samlingar vert gjennomført via Skype.
Blant dei som deltok på Protokollskolen i 2019 var klinikkoverlege ved Klinikk for prehospitale tenester i Helse Nord-Trøndelag, Odd Erik Elden.
Han karakteriserer kurset som ein flott inngong til forskingsfeltet.
-Kurset har løfta meg opp frå eit lågt nivå til å kunne levere ein ferdig forskingsprotokoll for ein doktorgrad, seier han, og legg til at han for tida også jobbar med sin første artikkel.
Han nyttar samstundes høve til å skryte av underviserane for kurset, og anbefaler Protokollskolen for søkjarer med både ulik bakgrunn og forskarkompetamse.
-Alle som er interessert, nysgjerrig eller allereie har planar om å starte med forsking vert anbefalt å søkje, seier han.
(saka fortset under biletet)

Kursdeltakerne i diskusjon under samling i Ålesund i 2019. Foto: Helse Møre og Romsda
Samlast frå mars til oktoberKravet for å gå opp til eksamen er innlevering av heimeoppgåve, som også skal presenterast i plenum.
Den første kurssamlinga skjer 11. - 12. mars, og den siste 22. oktober.
På denne måten skal kursdeltakarane vere best mogleg tilpassa søknadsfristane til Regionalt samarbeidsorgan for utdanning, forskning og innovasjon, som er satt i mai.
Nancy Walderhaug, som er universitetslektor ved Institutt for helsevitenskap på NTNU i Ålesund, er ein annan deltakar frå protokollskolen 2019.
Ved å følgje progresjonen i kurset har ho gjennomøfrt både intervju og analyse av datamateriale, og innlevert ein artikkel om temaet ØHD (Øyeblikkelig hjelp døgnopphold).
-Eg er svært nøgd med kurset. Det kan kvalifisere til ph.d.-utdanning og har vore svært nyttig for meg fordi eg har gjennomført konkret forsking, seier Walderhaug.
-Det har vore godt tilrettelagt, fine samlingar og stor fagleg tyngde i programmet.