Lærlingar i pandemi

Lite ante helsefagarbeiderlærlingane Oliwia og Albert at lærlingeperioda på medisin 2 ved Ålesund sjukehus skulle bli på ein pandemipost. – Eg heldt pusten i møte med Covid-19 pasientane, fortel Oliwia.

(F.h.) Lærlingane Oliwia Katarzyna Kolinska og Albert Schytte har fått læretida si på pandemiavdelinga medisin 2 ved Ålesund sjukehus. Seksjonsleiar Barbro Teige og helsefagarbeidar Hilde Flisnes Nilsen frå venstre.

I februar i år tok Oliwia Katarzyna Kolinska og Albert Schytte til som lærlingar ved medisin 2 ved Ålesund Sjukehus. Nokre veker etter slo pandemien ned, og plutseleg blei dei begge lærlingar ved pandemiavdelinga. Opplæringsansvarleg og helsefagarbeidar Hilde Flisnes Nilsen ved avdelinga måtte straks handtere både pandemi og lærlingar.
- Det var ei veldig spesiell periode. Korleis skulle dette gå, tenkte eg ofte. Dei kunne ikkje hospitere og dei kunne ikkje delta på oppgåver som var tiltenkt. Mangel på smittevernutstyr i byrjinga av pandemien var utfordrande, og då måtte vi prioritere at sjukepleiarane gjekk inn på pasientromma. I den perioda blei det lite pasientkontakt for helsefagarbeiderlærlingane.

Men vi måtte jo berre tenke nytt. Vi hadde fortsatt pasientar med ulike behov som trengte oppfølging, og sakte men sikkert så gjekk alt seg til. Lærlingane har rett og slett vore ein kjærkomen ressurs for avdelinga i denne vanskelege tida, seier Hilde Flisnes Nilsen.

Dramatisk og skummelt
12. mars stengde Norge. Helse Møre og Romsdal hadde planane klare og satte raskt i gang med tiltak. Albert Schytte fortel at dei oppfatta heile situasjonen som både dramatisk og skummel, spesielt ifrå media. Vi var redde for å bli smitta på jobb. Det var jo ikkje dette vi hadde signert på då vi takka ja til lærlingeplass, men så gikk det veldig greit etterkvart.
- Eg husker den første Covid-19 pasienten eg skulle følgje opp. Eg heldt pusten heile tida eg var i rommet, seier Oliwia Katarzyna Kolinska, som no ler av heile episoda og fortel at dei har lært mykje om smittevern som har gitt dei tryggheit i jobben.

Veldig lærerikt
Både Oliwia og Albert hadde tidlegare hatt læreperiodar i det kommunale helsevesenet. I utdanninga som helsefagarbeidar har ein til saman to år som lærling ute i verksemder.
- Perioda her har vært veldig lærerik. Eg har blitt kjent med mange forskjellige pasientar med ulik bakgrunn, sjukehistorikk og behov. Det synes eg er spennande og motiverande, seier Albert. Han legg til at dei har deltatt i mange av arbeidsoppgåvene på posten, og peikar spesielt på den gode tonen og den store fleksibiliteten tilsette har når det dukkar opp situasjonar som må handterast raskt.

- I byrjinga følte eg på eit lite kaos sidan vi lærer lite om korleis det er å arbeide på sjukehus på skulen. Men etterkvart lærte eg meg prosedyrane og korleis arbeidet var organisert. I dag storkosar eg meg kvar dag på jobb, seier Oliwia, som godt kan tenke seg å arbeide som helsefagarbeidar på sjukehus.
- Eg elskar høgt tempo og at mykje skjer, og det har eg fått her. Så eg vil gjerne tilbake, seier Oliwia sprudlande.

Må bidra til å utdanne helsefagarbeidarar
Barbro og Hilde har planar om å ta inn to nye lærlingar etter at Oliwia og Albert er ferdig med si læreperiode.
- Det er viktig at vi i spesialisthelsetenesta bidreg til å utvikle helsefagarbeidarar. At dei får erfaring frå både kommunesektoren og sjukehusa er bra for alle partar, meiner Barbro og Hilde, som samstemmer i at lærlingane har gjort eit kjempegodt inntrykk og vore ein viktig ressurs i læreperioda.

- Skal vi klare oppgåvene i helsevesenet i framtida, så må vi tenke oppgåveglidning. Eg trur at vi berre er i startgropa for dette arbeidet. Eg som leiar anbefalar iallefal andre avdelinger å ta inn lærlingar i helsefagarbeid. Dei har gitt oss mykje, og vi har delt kunnskap dei har verdsett, seier seksjonsleiar Barbro Teige.

Klar for nye utfordringar
- Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar, og alle har vore positivt overraska over kor mykje vi kan gjere i ei avdeling, seier Oliwia og Albert, som synes det er stas å få slike meldingar.

- Eg har tillegg lært mykje om meg sjølv i denne tida. I byrjinga var det mykje som skjedde, og det var utfordrande å takle oppgåvene. I dag veit eg at om det dukkar opp utfordringar, så har eg lært at uansett kva eg kjem borti, så kan eg lære meg å handtere det, seier Albert Schytte, som ikkje heilt har bestemt seg kva han har lyst å gjere etter endt utdanning.