Lynnedslag skapar telefontrøbbel i Ålesund

Det er no normal drift ved Ålesund sjukehus.


Oppdatering fredag 10. januar kl 11.30
Det er no normal drift ved Ålesund sjukehus. Pasientar og pårørande kan nytte alle dei telefonummer som er oppgitt her på nettsida vår.




Oppdatering torsdag 9. januar kl. 20
Sentralbordet i Ålesund er fortsatt ute av drift. Alle samtaler til tlf 70 10 50 00 blir håndtert av sentralbordet i Molde. Pasientar og pårørande kan dermed bruke tlf: 70 10 50 00 som normalt ved henvendingar til Ålesund sjukehus.

Dei interne telefonane ved Ålesund sjukehus er no i drift både for interne og eksterne samtalar. Ein kan oppleve tidvis nedetid på desse telefonane.

Oppdatering torsdag 9. januar kl 10.00
Sentralbordet ved Ålesund sjukehus er kobla over til sentralbord Molde. Pasientar og pårørande kan dermed bruke tlf: 70 10 50 00 som normalt ved henvendingar til Ålesund sjukehus.

Vi oppmodar likevel pårørande å ringe på mobil til dei pasientane som har det, sidan det kan ta noko tid å komme i kontakt med den enkelte pasient via sentralbordet.


 Fødande som vil ha kontakt med fødeavdelinga kan ringe tlf.:
 918 72 481

Jobbar med å finne feilen

Tilsette i avdeling for teknologi og utvikling jobbar intenst med å finne feilen, men det er uklart når telefonane ved Ålesund sjukehus vil vere opne igjen. 

HMR oppdaterer saka fortløpande.