Milliondryss til innovasjonsprosjekt i Helse Møre og Romsdal

Fem prosjekt fekk innovasjonsmidlar frå Helse Midt-Norge. Eitt av dei er et heilt nytt prosjekt.

Det ble sendt inn heile 52 søknadar  frå heile regionen på årets utlysing av innovasjonsmidlar i regi av Helse Midt-Norge.
Totalt 26 prosjekt fekk støtte, og fem frå Helse  Møre og Romsdal.

Fire av desse er pågåande prosjekt som har motteke støtte tidlegare, medan prosjektet "Digitale løysingar i hjarterehabilitering" er heilt nytt.

NYTT PROSJEKT: Kardiolog Eva Rice fekk støtte til prosjektet

NYTT PROSJEKT: Kardiolog Eva Rice fekk støtte til prosjektet "Digital løysingar i hjarterehabilitering".

- Eg er veldig glad for at det i hovudsak er prosjekt som støttar opp om  satsninga på "det utadvendte sjukehus" som er tildelt innovasjonsmidlar. Dette vil bidra til likeverdige helsetenester og berekraft, samt betre pasientopplevinga, seier innovasjonsrådgivar Christer Jensen i Helse Møre og Romsdal.

Prosjekt

Innhald:

Prosjektleiar:

Pasientklagesystem - digitalt forsterka analyse og læring

Hensikta er å sørge for ei forbetring av klagesaksprosessen gjennom digitalt forsterka analyse og læring av pasientane og brukarane sine skriftlege klagar.

 

Prosjektet har motteke innovasjonsmidlar før, og pasientklageskjemaet er no teke i bruk:

 

Kvalitetsrådgivar Unni arnestad

Digitale løysingar i hjerterehabilitering - kvalitet heile vegen heim

Utvikling av ein digital plattform kor fleire delar av dagens behandlingsopplegg inngår.


Prosjektet er heilt nytt.

Kardiolog Eva Rice

Intravenøs antibiotikabehandling i spesialisert heimesjukehus

Utvikling, pilotering, implementering og evaluering av ein heimesjukehusmodell til pasientar som har behov for langvarig intravenøs antibiotikabehandling.

 

Prosjektet er pågåande og har motteke innovasjonsmidlar tidlegare.

Spesialsjukepleiar og rådgivar Inger Stokke

Digital selvhjelpsverkty ved tidleg overvekt hos barn

Utvikling av ein digital sjølvhjelpsteneste til familiar med overvektige barn. Tenesta vil i hovudsak dreie seg om ein forbetra digital applikasjon, i tillegg til utvikling av tenesteforløp.

Overlege Bjørn Magne Jåtun

Virtuelle regionale polikliniske konsultasjonar - videokonsultasjonar som alternativ til lange pasientreisar i Helse Midt-Norge

Utvikling av ein virtuell poliklinikk mellom St. Olavs hospital og Helse Møre og Romdal.

 

Prosjektet er pågåande og har motteke innovasjonsmidlar tidlegare. I Helse Møre og Romdsal er videokonsultasjonar teke i bruk.


Les også saken frå fagdagen om medisinsk avstandsoppfølging ved Molde sjukehus, kor ungdomsrådet applauderte initiativet.

Prosjektleiar Kathrin Enebakk




Det er ein vurderingskomité i regi av Helse Midt-Norge som har valt ut kva prosjekt som skal få støtte.
Vurderingskomiteen gir uttrykk for at nivået på søknadane generelt er veldig høgt, noko som tydar på mykje god aktivitet på innovasjonsområdet i Helse Midt-Norge.

Prosjekta har blitt vurdert etter fire gitte kriteriar: nytteverdi, gjennomføringsgrad, samarbeid og innovasjonsgrad.

Les meir om innovasjonsprosjekta på Helse Midt-Norge sine nettsidar.