Mobilapp til pasientar som tar proteseoperasjon

Ein ny app bidrar til betre pasientinformasjon, raskare mobilisering etter operasjon og at pasientane føler seg tryggare etter heimreise. Pasientar som tidligare hadde ei liggetid på 3-4 dagar etter proteseoperasjon, kan no skrivast ut dagen etter inngrepet.

​Ortopedane ved Kristiansund sjukehus var dei første i landet til å ta i bruk ein ny mobilapp som er utvikla for å bidra til tidleg mobilisering etter operasjon. I fjor haust tok også ortopedimiljøet ved Ålesund sjukehus i bruk same app. Erfaringane så langt er gode frå begge sjukehusa.

Frank-David Øhrn, Kristiansund sjukehus

-Vi tok i bruk appen i februar 2019. Der har vi samla mykje av det vi har erfart at pasientar og pårørande spør om før, under og etter behandling. Appen oppmodar til tidleg mobilisering som er den beste medisinen for å bli raskt frisk. Vi har dermed fått eit nyttig supplement til det pasientopplegget vi allereie har, seier overlege i ortopedi Frank-David Øhrn ved Kristiansund sjukehus.



Kunnskapsdeling
Overlege i ortopedi, Ole Christian Roth ved Ålesund sjukehus, fortel at dei

Ole Christian Roth, Ålesund sjukehus

tidleg såg fordelane med appen som ortopedane i Kristiansund hadde tatt i bruk. Gode innspel og samarbeid mellom miljøa bidrog til at det blei utvikla ein tilsvarande app for pasientane i Ålesund.
- Det er særs gunstig for pasientane at dei er godt informert både før og etter operasjonen. Det kan bidra til å redusere komplikasjonar, og redusere liggetida på sjukehuset. Appen legg difor til rette for meir effektiv pasientbehandling, seier Ole Christian Roth.



Lokalt tilpassa innhald

I appen får du mellom anna informasjon om legane på avdelinga.

Appen er spesialtilpassa til dei to ortopediske miljøa. Den gir pasienten informasjon om avdelinga, kva ein må hugse på før operasjonen, og etter operasjonen får pasienten råd knytt til øvingar som bør gjerast. Alt innhald, som øvingar og videoar, er laga på dugnad av legar, sjukepleiarane, fysioterapeutar og helsesekretærar.
- Det er viktig at innhaldet i appen er produsert lokalt. Då kjenner pasienten igjen lokala og personane. Vi har bilete av legane, og våre fysioterapautar har laga videoar. Pasientane kjenner seg difor igjen i møte med oss og føler seg tryggare, meiner Frank-David Øhrn.






Viktig del av pasientinformasjonen
I forkant av operasjonen får pasienten skriftleg informasjon om appen og det blir også informert i møte med fysioterapeut. Der får pasientane vite korleis dei laster ned appen, og brukar den.

Videoar laga av fysioterapeutane viser korleis pasientane skal gjere øvelsane.


- Vi var litt skeptiske i byrjinga sidan protesepasienter gjerne er eldre menneske. Vi stilte oss spørsmål om kor mange av desse som har smarttelefon, men sidan appen er fritt nedlastbar så har den også blitt brukt av pårørande som nok har hjelpt til i nokre høve, opplysar Frank-David Øhrn.

Roth legg til at appen også kan brukast for å kartlegge funksjonen til pasienten. Til dømes kan pasientar som blir operert med kneprotese, fylle ut eit spørreskjema før og etter operasjonen i appen, og legane kan slik sjå kor mykje betre dei har blitt.


Betre metodar
Sjølv om den nye appen bidreg til å rette fokus på raskare mobilisering etter ein proteseoperasjon, så er grunnlaget for at pasientar kjem seg raskare på beina knytt til utviklinga innan operasjonsteknikk og rehabiltering dei siste åra. Og ikkje minst, eit godt teamarbeid mellom legar, sjukepleiarar, fysioterapeutar og anna personell på sjukehusa.
- For 10 år sidan var det normalt at pasientar gjerne var sengeliggande i to veker etter ein operasjon. I dag dreg dei gjerne heim dagen etter, fordi vi veit at tidleg mobilisering er den beste medisinen for å bli raskt frisk. I dag er snittet vårt 1.8 liggedøgn etter ein proteseoperasjon, seier Øhrn ved Kristiansund sjukehus.

Slik får du appen
Det er Helse Møre og Romsdal som betalar for appen, og det er difor gratis for pasientar og pårørande å ta den i bruk.

Appen heiter Patient Journey. Søk den opp i Play butikk for Android eller Appstore for Iphone. Etter at du har lasta den ned, vel du kva for eit sjukehus du ønskjer informasjon frå og om du skal opererast i kne, eller hofte. Det er også mogleg å legge inn operasjonsdatoen, og då kan du få varslingar med viktig informasjon i forkant av operasjonen.

Sidan oppstarten har appen for ortopedmiljøet i Kristiansund blitt lasta ned nesten 600 gonger, og det er nærare 10.000 oppslag for hofteprotese og 12.000 oppslag for kneprotese.

Appen kan lastas ned til mobil, nettbrett/Ipad.