Møtte 40 psykologstudentar i Trondheim

- Eg kan godt tenke meg å arbeide i Helse Møre og Romsdal etter endt utdanning, seier psykologstudent Mari Lillejord.

Psykologspesialist Tonje Sæter og seksjonsleiar Eirik Molvær i Helse Møre og Romsdal informerte psykologstudentar i Trondheim.

​Helse Møre og Romsdal går no nye vegar for å finne dei beste fagfolka, og psykologar spesielt. I fjor haust ble ei prosjektgruppe etablert for å finne nye måtar å rekruttere spesialistar på. Eit av tiltaka er faste besøk på utdanningsinstitusjonane.
- Kvifor har vi ikkje gjort dette tidlegare, var det første som slo oss etter møtet vårt i Trondheim der vi fekk møte 40 psykologstudentar, seier psykologspesialist Tonje Sæter og seksjonsleiar Eirik Molvær i Helse Møre og Romsdal. Dei fortel at engasjementet var stort og at mange var nyfikne på dei ulike arbeidsoppgåvene psykologar har i spesialisthelsetenesta.

Mari Lillejord er psykologistudent i Trondheim.


Konkrete svar
Psykologstudenten Mari Lillejord var ei av dei som deltok på samlinga. Lillejord legg vekt på at det er veldig interessant for studentane å få innblikk i yrkeslivet og alle dei moglegheitene ein har som psykolog.
- Det er første gong at vi har fått ein slik presentasjon frå spesialisthelsetenesta, og difor var nok også interessa høg. Mitt inntrykk er at deltakarane satte stor pris på at Tonje og Eirik var konkrete og kunne svare ut spørsmål knytta til både arbeidsoppgåver og betingelsar, seier Mari Lillejord, som etter presentasjonen godt kan tenke seg å arbeide i Helse Møre og Romsdal.

Tilrettelagt for nyutdanna
Tonje og Eirik fortel at Helse Møre og Romsdal legg godt til rette for at alle psykologar skal få anledning til å bli psykologspesialist. Eit godt fagleg nettverk er også med å støtte opp om dei nye som blir tilsett.
- Veldig positivt at dei nyutdanna får tilrettelegging i byrjinga med mellom anna eit passeleg antall pasientar. Det trur eg gir ein god overgang mellom studie og arbeidsliv, seier Mari Lillejord.

Får hovudpraksis
Hovedtyngda av dei frammøtte i Trondheim var femteårsstudentar som til hausten skal ut i hovudpraksis. Helse Møre og Romsdal tilbyr studentar hovudpraksis innan psykiske helsevern for barn og unge, Distrikts Psykiatrisk Senter (voksne; poliklinikk og døgnavdeling), rus og habilitering.
- For oss er det viktig å få fortalt om tilbodet vi har i Helse Møre og Romsdal. I tillegg er det veldig kjekt å få møte dei som no står på trappa til yrkeslivet. Dei har eit stort engasjement og gir gode innspel til oss som vi tar med vidare inn i vår organisasjon, seier Eirik og Tonje, som opplyser at neste samling er for psykologstudentar i Bergen den 13. februar.