God utteljing Helse Møre og Romsdal (HMR) har i tidlegare utlysingar hatt god uttelljing og ligg langt framme blant anna i
satsinga på medisinsk avstandsoppfølging. Vi har for eksempel eit prosjekt på
intravenøs antibiotikabehandling heime, vi har fokus på å tilby videokonsultasjon til pasienten som kan sitte heime og prøve ut digitale løysingar i hjarterehabilitering. Av andre prosjekt er det verdt å nemne at HMR var
først ute i Norge med eit digitalt pasientklagesystem. Alle desse og fleire prosjekt har fått viktige innovasjonsmidlar.
– Å få innovasjonsmidlar kan vere heilt avgjerande for å få ein god oppstart i eit ferskt prosjekt, seier innovasjonsrådgjevar i HMR, Christer Jensen. Fleire av prosjekta i HMR har søkt og fått midlar fleire år på rad, og har kome langt i å vise konkrete resultat som kjem pasienten til gode.
«Det utadvendte sykehuset» prioritert
Som tidlegare lyser Helse Midt-Norge RHF ut midlar i to kategoriar: produktinnovasjon og tenesteinnovasjon. I årets utlysing er prioriterte områder innan tenesteinnovasjon:
- «Det utadvendte sykehuset»
- Psykisk helse og rus
- Pasientmedvirkning
- Pasientlogistikk
- Brukervennlighet for helsepersonell
- Bedre bruk av helsedata
Det er mogleg å søkje om støtte til ett år, og øvre grense er satt til 750 000 kr. Eit prosjekt kan få maks tre tildelingar (over fleire utlysingar). Leiar for prosjektet må vere tilsett i minst ein 20 %-stilling ved eit helseføretak i Midt-Norge.
Vil du søkje? Innovasjonsrådgjevar kan bistå
Har du ein idé som du ønsker å utvikle eller som du tenker er klar for ein søknad om midlar – ta kontakt med innovasjonsrådgjevar i HMR, Christer Jensen på epost: Christer.Jensen@helse-mr.no
Søknadsfrist: Torsdag 19. november kl. 15:00
Søk her: Utlysingstekst, maler for prosjektbeskrivelse, søknadsrettleiing og søknadsportal