Nye retningslinjer for fødande

Frå tirsdag 2. juni har Helse Møre og Romsdal endra sine retningslinjer for føde-/barselavdelingane i fylket. Partner kan no komme på besøk under barselopphaldet, så lenge han/ho er heilt frisk og ikkje er i karantene. Her finn du meir informasjon til deg som ventar barn.


Tror du fødselen er i gong?

Ring fødeavdelinga:

Ålesund sjukehus: 70 10 59 59 / 70 10 59 40
Molde sjukehus: 71 12 17 60
Kristiansund sjukehus: 71 12 18 05
Volda sjukehus: 70 05 83 61

Smitterisiko

  • Vi vurderer smitterisiko individuelt, både hos mor og ledsager.
  • Om ledsager har luftveisinfeksjon/smitte/sit i karantene kan Han/ho dessverre ikkje vere med på fødselen.
  • Om mor har luftveisinfeksjon/smitte/sit i karantene, vil ho vere i isolasjon.

    Om fødselen

  • Ledsager kan delta i den aktive delen av fødselen. Kor tidleg han/ho kan kome inn, dersom det går lang tid frå innlegging til den aktive delen av fødselen er i gang, blir avgjort i kvart tilfelle.
  • Ledsager kan vere med på planlagt keisarsnitt
  • Frå 15. juni er det opna for vannfødsel igjen

     

Om barselopphaldet

  • Eventuell isolasjon blir vidareført på barsel.
  • Barselopphald vil haldast så kort som mogleg (2 døgn – inntil nødvendige undersøkingar er gjort).
  • Partner kan komme på besøk under barselopphaldet, så lenge han/ho er heilt frisk og ikkje er i karantene. På noverande tidspunkt har vi ikkje moglegheit til å tilby partnar opphald og overnatting på barsel. Fasilitetane på dei fire sjukehusa er ikkje egna til å ivareta nødvedig tilrettelegging som einerom og eiga dusj/toalett.
  • Det vil vere adgangskontroll ved sjukehusa/barselavdelinga og besøk kan avtalast i tida mellom kl. 18.00-20.00. Partner må opphalde seg på barselrommet under besøket, ha avstand til personell, andre pasientar og besøkande.
  • Personellet i føde-/barselavdelinga vil gi nærmare informasjon om besøksordninga etter fødselen.
  • Vi kan dessverre ikkje tillate besøk av andre, heller ikkje søsken til den nyfødde.
  • Nyfødde kan ikkje takast ut av avdelinga før ved utskriving.

    Om polikliniske konsultasjonar