14. desember blir det oppstart av førebuande arbeidet for SNR

SNR-prosjektet forhandlar framleis med Skanska for å kome til einigheit om ein gjennomføringsavtale for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset. Resultatet av forhandlingane vil bli lagt fram for styret i HMR i desember.

To kraner heisar på plass den fyrste berebjelka for den nye vegbrua på Hjelset

- For å sikre framdrifta i prosjektet har HMR avtalt at Skanska startar med førebuande arbeid på sjukehustomta 14.desember. Arbeidet inneber mellom anna etablering av parkeringsplassar og anleggsvegar, arbeid med infrastruktur, samt klargjering for kontorrigg og bustadrigg, seier Knut Ragnar Heimdal, prosjektdirektør i SNR-prosjektet.

Oversikt over aktivitetar som startar opp 14.desember

Brubygging på Hjelset

Tysdag 24.november blei dei 48,5 tonn tunge berebjelkane til den nye sjukehusbrua på Hjelset heist på plass. Brua skal vere ferdig i mars 2021, men skal i fyrste omgang nyttast til anleggsarbeid i samband med byggearbeidet.

- Det er flott å sjå at bruene kjem på plass. Dei vil sikre god framkomme for det nye akuttsjukehuset på Hjelset, seier Ketil Gaupset prosjektsjef for SNR

Den fyrste berebjelka blir heist på plass