Heidi Nilsen er ny leiar for prosjektstyret for SNR

For å sikre ei god og effektiv prosjekteigarstyring av SNR-prosjektet, har adm. dir. i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke, bedt viseadm. dir., Heidi Nilsen, om å gå inn som ny leiar for prosjektstyret for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

Viseadm. dir. Heidi Nilsen blir leiar av prosjektstyret for SNR

- Med Heidi som leiar for prosjektstyret vil vi sikre ei aktiv og tydeleg eigarstyring av prosjektet. HMR står framfor fleire viktige avgjerder i tida som kjem og der det er viktig at leiinga i føretaket er godt involvert for å kunne bidra til å sikre ei god gjennomføring av prosjektet, seier Bakke.

- Eg ser fram til det vidare arbeidet i prosjektstyret der hovudmålet er å sørgje for ei prosjektstyring som sikrar bygging av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal til det beste for befolkninga og våre tilsette i Nordmøre og Romsdal, seier Nilsen.

Ny samansetting av styret

Nilsen kom inn som prosjektstyremedlem i desember 2020 og overtek som leiar frå 6. januar 2021. Bakke sikrar kontinuiteten i styret ved at Nicolai Nilsen held fram som nestleiar, Lars Magnussen og Tor Rune Aarø blir med vidare som styremedlemmar og Helge Ristesund er styremedlem ut februar månad 2021. 

Les meir om SNR-prosjektet her

Nye styremedlem

Jan Petter Storetvedt

Jan Petter Storetvedt er dagleg leiar i Probiz AS og er ein erfaren adm. dir. og styreleiar med lang historie frå ulike utbyggingsprosjekt. Han har bakgrunn som adm. dir. i Gjelsten og Røkke Eigedom AS og Avantor ASA, investeringsdirektør i Aker RGI AS og adm. dir. i Angvik Eiendomsinvestor AS





Vegard Storvik

Vegard Storvik er dagleg leiar i XPRO AS, eit selskap som mellom anna tilbyr tenester innan prosjekt-, prosjekterings- og byggeleiing. I 2019 blei XPRO og HAMSTO tildelt ein rammekontrakt for prosjektbistand i SNR-prosjektet, noko som gjer at dei kan bli engasjert ved behov i prosjektgjennomføringa.




- Vi har eit sterkt engasjement for regionen og er glade for å kunne bidra med vår kompetanse og erfaring for at prosjektet skal lukkast.  Vi har også god erfaring med tidlegare samarbeid gjennom fleire mellomstore byggeprosjekt og ønskjer å bidra som støttespelarar for at Helse Møre og Romsdal skal lukkast med SNR, seier Storetvedt og Storvik

Anne Flo

I tillegg til Storetvedt og Storvik kjem Anne Flo inn som nytt prosjektstyremedlem. Flo er tidlegare kollega av Bakke og var leiar for Aleris sine sjukehus på Frogner og Majorstua i Oslo fram til 31.12.2020. Flo har lang erfaring frå sjukehusdrift og har hatt ansvaret for utbygginga og ombygginga av sjukehuset på Frogner. Ho har også 25 år bak seg som tilsett ved Ullevål sykehus mellom anna som intensivsjukepleiar og leiar innan kvinneklinikken. Helse Møre og Romsdal har også engasjert Flo som prosjektleiar i arbeidet med den bygningsmessige utviklingsplanen for Ålesund sjukehus kor ho vil rapportere til Heidi Nilsen.

- Eg er særs nøgd med samansettinga av det nye prosjektstyret og opplever at vi har sikra oss styremedlem med god kompetanse og verdifull erfaring, samstundes som vi sikrar kontinuiteten i styret. Eg vil nytte høve til å takke av Dagne Hordvei som styremedlem. Ho har vore med i styret sidan konseptfasen og har lagt ned eit betydeleg arbeid for prosjektet og føretaket, seier Bakke.

Det nye prosjektstyret har sitt første møte måndag 11.januar.

Ekstra styremøte i Helse Møre og Romsdal er satt opp til 21. januar kl.10.00

Prosjektstyret sitt mandat

Prosjektstyret for SNR er eit internt arbeids- og rådgivande organ for adm. dir. og er såleis ikkje eit føretaksstyret. Prosjektstyret er delegert fullmakt til kontraktuell oppfølging av Sykehusbygg HF sine leveransar og rapporterer til adm. dir. i HMR.

Her er oversikta over det nye prosjektstyret:

Heidi Nilsen    
Leiar av prosjektstyret
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Nicolai Nilsen
Nestleiar av prosjektstyret
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Jan Petter Storetvedt
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Vegard Storvik
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Anne Flo
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Helge Ristesund (medlem ut februar)
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Lars Magnussen
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Tor Rune Aarø
Styremedlem
Utpeika av tilsette i HMR HF