- For føretaket har det vore viktig å velje ein leverandør som kan sørgje for ein trygg og god gjennomføring av IKT-leveransane i prosjektet. Vi har vurdert at Hemit er den best egna IT-organisasjonen i Norge for dette oppdraget, seier Øyvind Bakke, adm. dir. i Helse Møre og Romsdal
I utviklingsplanen til Helse Møre og Romsdal blir det framheva at SNR skal vere heilt framme i teknologisk utvikling, og vere eit flaggskip for resten av føretaket.
- Med Hemit på laget vil vi sikre at også dei andre sjukehusa og institusjonane i føretaket vil nyte godt av avtalen. Mellom anna gjennom ulike digitaliseringsprosjekt og innføringa av Helseplattformen der Hemit har sentrale roller, seier Bakke.
Om avtalen
IKT-avtalen med Hemit er den nest største entreprisen i SNR-prosjektet med eit budsjett på over 300 mill. kroner. I avtalen ligg leveransar av alt frå byggnær ikt, grensesnitt og integrasjonar, telefoniløysingar, utstyr som pcar og nettbrett til digitale samhandlingsløysingar som sensorteknologi, informasjonstavler og sjølvinnsjekk-løysingar
Kompetent leverandør
Hemit er Helse Midt-Norge sin hovudleverandør av IKT og har eit totalansvar for IKT innan spesialisthelsetenesta i regionen. Hemit har delteke i planlegginga av SNR frå konseptfasen og har bygget kompetanse og erfaring i eigen organisasjon som blir verdifull i realiseringa av prosjektet.
- Eg er stolt over at Hemit har blitt valt som hovudleverandør av IKT da dette er eit stort og viktig prosjekt som vil ha høg prioritet for oss i tida som kjem. Vi ser fram til å jobbe saman med Helse Møre og Romsdal og andre samarbeidspartnarar for å realisere SNR, seier adm. dir. i Hemit, Paul Gundersen.