Tøffe forhandlingar om pris på akuttsjukehuset på Hjelset

SNR-prosjektet og Skanska Norge AS er førebels ikkje einige om ein gjennomføringsavtale for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset. Tøffe forhandlingar ventar i tida som kjem

Nytt akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal skal byggast på Hjelset

Saman med Sykehusbygg og Skanska har våre tilsette lukkast i å utvikle akuttsjukehuset slik at det legg til rette for gode og framtidsretta pasienttenester ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. No er vi avhengig av å kome ned på ein akseptabel pris for akuttsjukehuset og vi vil jobbe hardt for få landa ein avtale med Skanska, seier adm. dir. Øyvind Bakke.

Bakke presiserer at Sjukehuset Nordmøre og Romsdal med nytt akuttsjukehuset på Hjelset skal realiserast. Førebels er det ein betydeleg avstand mellom Skanska sine kalkyler og budsjettprisen som er satt for akuttsjukehusentreprisen.

Arbeidet med kostnadsreduksjon

I samband med optimalisert forprosjekt i juni blei det vurdert at SNR-prosjektet hadde ei økonomisk utfordring på om lag 200 MNOK for å kome ned til styringsramma for prosjektet. Skanska såg likevel eit potensial i å ta ned kostnadane mellom anna ved modulbygging og industrialisering av delar av prosjektet. Gjennom den vidare prosjektutviklinga vurderte derimot Skanska at desse tiltaka likevel ikkje ville bidra med tilstrekkeleg kostnadsreduksjonar og i oktober auka deira kalkyle.

- Den nye kalkyla frå Skanska er for høg og utfordrar rammene som er vedteke for prosjektet. Vår prosjektleiing og Skanska har derfor sett nærare på oppbygginga av kalkylen og dei har jobba med å benchmarke prosjektet mot andre  sjukehusprosjekt. Det dannar eit viktig grunnlag for å forhandle vidare om ein akseptabel pris for akuttsjukehuset, seier Vatnan

Oppstart av arbeid på Hjelset

For å redusere framdriftsmessige konsekvensar i prosjektet har ein blitt einig med Skanska om å starte opp førebuande arbeid på sjukehustomta i des. 2020
- Arbeidet inneber mellom anna etablering av parkeringsplassar og anleggsvegar, arbeid med infrastruktur, samt klargjering for kontorrigg og bustadrigg,  seier Vatnan.

Styresak i desember

I styremøte i desember vil adm. dir. leggje fram ei sak som gjer greie for status i prosjektutviklinga og resultatet av forhandlingane med Skanska. Det er venta at den nye prognosa for prosjektet vil utvikle seg i negativ retning samanlikna med tidlegare prognose. Styresaka vil derfor presentere eit grunnlag med ulike gjennomføringsscenario for å sikre ein god gjennomføring og realisering av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.