Utviklar ny form på akuttsjukehuset på Hjelset

For å sikre ein trygg økonomisk gjennomføring av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, jobbar prosjektet med å finne nye løysingar og utvikle ein ny bygningsform for akuttsjukehuset på Hjelset.

Akuttsjukehuset på Hjelset blir vidareutvikla våren 2020


- Bygget må endrast, og i løpet av våren vil vi kunne vise fram skisser på korleis akuttsjukehuset kan bli sjåande ut. Sjølv om vi skal endre på bygget så har vi ikkje mandat til å fjerne funksjonar, eller kapasitetar som er vedteke for akuttsjukehuset, seier prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal.

Ei tøff oppgåve

Heile sjukehusbygget blir gjennomgått og vurdert på nytt av eit team samansett av prosjektorganisasjonen, Skanska, arkitektar og rådgivande ingeniørar. Sentrale oppgåver er å ta ned bruttoarealet, finne nye bygningsmessige og tekniske løysingar og sikre at nettoarealet (rom- og funksjonsprogram) blir best mogeleg.

Prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal
- Vi har tydelege mål og vil jobbe for å få realisert prosjektet innanfor den økonomiske ramma som er vedteke. I månadane framover skal vi vidareutvikle prosjektet, gjere ein ny kostnadsberekning og ei heilskapleg vurdering av prosjektet, før vi legg fram ei sak til prosjektstyret for SNR, seier Heimdal.




Endrar ikkje på funksjonar

Som ein del av arbeidet med å kutte kostandar i prosjektet, så vedtok styret i Helse Møre og Romsdal å redusere nettoarealet opp til 1500 m2, utan at det skulle ramme funksjonar eller kapasitetar.

- Vi er i mål med denne arealreduksjonen og har sett at det er mogeleg å skjerme behandlings- og pasientareal, og samtidig finne gode løysingar. Vi har mellom anna flytta kontor som ikkje treng å ligge nær den kliniske verksemda over til administrasjonsbygget på Strandheim, og vi har pakka garderobeområde på ein betre måte for å spare nettoareal, seier Ketil Gaupset, prosjektsjef frå HMR.

Vidareutviklinga av akuttsjukehuset skjer i tett dialog og samarbeid med tilsette i føretaket.

• Månadleg møte med prosjektråd (leiargruppa, tillitsvald og verneombod)
• Møte med gruppeleiarforum kvar veke (leiarar for funksjonsgruppene)
• Faste møte med tillitsvalde og verneombod i SNR-prosjektet
• Faste møte med brukarutvalet for SNR

- Vi kjem også til å invitere til nye informasjons- og dialogmøte ute på sjukehusa. I tillegg vil vi invitere til månadlege skypemøte der leiarar, tillitsvalde og verneombod kan få oppdatert informasjon om prosjektet, seier Gaupset.

Les om aktivitetar i DMS-prosjektet

Les meir om SNR-prosjektet