Ope fødetilbod i helgene både i Kristiansund og Molde

HMR har lukkast med å få fleire vikarar som styrkar bemanninga ved fødeseksjonane i Kristiansund og Molde. Det gjer at leiinga inntil vidare vil halde fødetilbodet ved begge sjukehusa ope i helgene.


Endringa kjem etter at seksjonane tidligare denne veka vurderte driftssituasjonen på nytt.

- Ordninga med samdrift har fungert slik vi ønskte og har betra driftssituasjonen. Det at vi no har fått på plass avtalar med fleire vikarar, gjer at vi kan halde fødetilbodet i helgene ope ved begge sjukehusa, men vi følgjer situasjonen tett og vil vurdere samdrift igjen om situasjonen tilseier det, seier Elisabeth Siebke, klinikksjef i klinikk for kvinner, barn og ungdom

Bakgrunn for samdrift                                 

14. november 2019 var driftssituasjonen ved fødeseksjonane i Molde og Kristiansund såpass utfordrande at leiinga vedtok å setje i verk midlertidige tiltak for å trygge pasienttilbodet. Det blei da vedtatt at seksjonane skulle veksle på å tilby fødselshjelp på helg.