Opnar for meir besøk ved sjukehusa i Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal opphevar besøksforbodet ved sjukehusa i fylket, men vil vidareføre restriksjonar og adgangskontroll for besøkande i tråd med nasjonale anbefalingar.

Det blir framleis adgangskontroll ved sjukehusa

Besøkande med luftvegssymptom eller bekrefta covid-19, samt dei som er definert som nærkontakt eller i karantene etter utanlandsreise, skal som hovudregel ikkje besøke sjukehusa eller helseinstitusjonane i fylket.

For besøk ved sjukhusa gjeld følgjande:

  • Besøk ved sjukehusa skal skje på kvardagar mellom kl. 17.00-19.00 og i helga mellom kl.16.00-18.00.  
  • Alle besøk skal avtalast, inkludert tidspunkt og varigheit. Kontakt med den aktuelle eininga skal skje på dagtid og i god tid før besøket.
  • Talet på besøkande er normal inntil 2 personar, inkludert ledsager. Unnataksvis kan ein godta inntil 4 personar ved spesielle situasjonar der avgrensinga på 2 besøkande vil vere urimeleg
  • Anbefaling om 30 minuttar varigheit på besøket, tilpassingar kan vurderast
  • Talet på besøkande er normal inntil 2 personar, inkludert ledsager. Unnataksvis kan ein godta inntil 4 personar ved spesielle situasjonar der avgrensinga på 2 besøkande vil vere urimeleg.

Besøkande må vere budde på å:

    • møte adgangskontroll ved hovudinngangen.
    • få spørsmål for å avklare risiko for Covid-19 hos besøkande og evt. ledsagar. 
    • halde avstand til tilsette og andre pasientar for å avgrense smitte.
    • vere ekstra påpasseleg med god handhygiene. 
    • gå direkte til pasientrom og ikkje opphalde seg i seksjonen /eininga sitt fellesareal. 
    • fortrinnsvis halde 1 meters avstand til den dei skal besøke.
    • ikkje betene seg sjølve eller pasient frå drikkeautomatar eller matservering i fellesareala.

HMR vil gjere ein fortløpande vurdering av besøkstilbodet opp mot risiko for smittespreiing,  smittesituasjonen lokalt, samt om avdelinga har kapasitet til å ta imot besøk.

For besøk ved HMR sine andre institusjonar, ta kontakt med den aktuelle institusjonen for meir informasjon og for å gjere avtale om besøk.  

For besøkande til fødeavdelingane gjeld egne reglar