Opnar klinikk for beinskjørheit i Ålesund

- Ved å oppdage beinskjørheit tidleg kan vi få 50-70% reduksjon i gjentakande tilfelle av osteoporosebrot og spare samfunnet for millionar av kroner, seier overlege i ortopedi Vidar Punsvik, som har stått i bresjen for å få opna osteoporosepoliklinikk ved Ålesund sjukehus.

Teamet bak den nye Osteoporosepoliklinikken. F.v LIS Therese Justad-Berg, sjukepleiar June Pettersen og ansvarleg lege Vidar Punsvik.


Ortopedisk avdeling ved Ålesund sjukehus har starta opp behandlingstilbod for pasientar over 50 år som har hatt eit beinbrot. For å redusere risikoen for at pasientane skal pådra seg nye brot, blir ein del av behandlinga innkalling til time ved den nye Osteoporosepoliklinikken for utredning. Målet med poliklinikken er å fange opp flest mogleg, slik at dei slipp å havne på operasjonsbordet.
- Ålesund sjukehus hadde tidleg på 2000 talet eit liknande tilbod, og vi har kjempa i mange år for å få dette på plass på nytt. Det er derfor svært gledeleg at vi no har fått ei stilling og sjukepleiar June Pettersen til å drive Osteoporosepoliklinikken, seier Vidar Punsvik.

Norge er på verdstoppen i antall lavenergibrot i forhold til folketalet. Sjukepleiar June Pettersen forklarar at beinbrot som pasientar har pådratt seg i hofte, håndledd eller rygg etter fall frå eigen høgde, blir kalla lavenergibrot. Desse beinbrota er ofte betinga i beinskjørheit, såkalt osteoporose. Har pasienten osteoporose er risikon for eit nytt brot stor. Osteoporose skyldast ein ubalanse mellom nedbryting og oppbygging av beinvev. Det oppstår strukturelle endringar som gir eit svakere skjelett med økt risiko for beinbrot. Beinskjørheit i seg sjøl gir ingen symptom.

Overlege Vidar Punsvik fortel at utredninga som poliklinikken tilbyr er beintetthetsmålinger (DEXA), blodprøver, samt ein samtale kor ein kartlegg livsstil og risikofaktorarar for osteoporose. Slik finn teamet ut om pasientane har osteoporose og om dei treng vidare behandling.

Osteoporosepoliklinikken driftast av June Pettersen, ansvarleg lege Vidar Punsvik og LIS-lege Ragnhild Therese Justad-Berg. Osteoporosepoliklinikken finn ein i 6. etasje i høgblokka ved Ålesund sjukehus.

Ved sjukehusa i Molde og Kristiansund har ein eit likelydande tilbod.