Oppgradering av it-system har gitt forseinka tilgang på prøvesvar

Covid-19-prøvesvar i Møre og Romsdal har sidan 12.11 ikkje vore tilgjengeleg for befolkninga via helsenorge.no. Feilen skjedde i samband med ei oppgradering i it-systemet, men er no ordna. Analysering av prøver har gått som normalt, og dei som testa positivt på covid-19 blei umiddelbart varsla via sin lege.

- Vi beklagar at innbyggarar har hatt forseinka tilgang på prøvesvar. Det er likevel viktig å påpeike at analysering av prøvane, oppfølging av positive svar og smittesporing har gått som normalt, seier Einar Nilsen, avdelingssjef for Mikrobiologisk avdelinga i Helse Møre og Romsdal.

Feilen i overføring av data er retta og ein jobbar no med å få overført alle prøvesvara til helsenorge.no for å gjere dei tilgjengeleg for befolkninga.

- IT-feilen er retta og i løpet av fredag 20.november skal alle som har vore råka av problemet ha fått tilgang på sitt prøvesvar. Alle som blir testa i tida som kjem vil kunne finne sitt prøvesvar på helsenorge.no dagen etter at dei blei testa, seier Nilsen