Påvist MRSA-smitte ved nyfødt intensiv i Ålesund

Frå april har det dukka opp fleire tilfelle av resistente gule stafylokokkar på nyfødt intensiv ved Ålesund sjukehus. Det er satt i verk tiltak og brei smittesporing i samråd med Folkehelseinstituttet og St. Olavs hospital.

Barneavdelinga ved Ålesund sjukehus
Barneavdelinga ved Ålesund sjukehus

Dei siste to månadane har til saman 6 spedbarn og 4 mødrer  fått påvist smitte av hudbakterien MRSA. MRSA er ein type gul stafylokokk som er resistent for viktige typar antibiotika, noko som gjer MRSA-infeksjonar  vanskelegare å behandle. 

Første tilfelle i april

Det første smittetilfellet blei oppdaga i starten av april, og klinikksjef Janita Skogeng bekreftar at alle ein meiner har vore eksponert, har blitt testa.

- Vi har følgt opp alle pasientar og pårørande som har vore eksponert,  og meiner det er trygt å bli innlagt som pasient og pårørande ved barneavdelinga i Ålesund. Situasjonen per i dag har ikkje konsekvensar for drifta, seier konstituert klinikksjef Janita Skogeng i Klinikk for kvinner, barn og ungdom.

MRSA smittar først og fremst gjennom direkte kontakt mellom menneske, og lettast mellom personar som har mykje tett kontakt, som innan same husstand. Alle smittevernrutinar er gjennomgått for å hindre vidare smittespreiing.

- Vi har jobba med saka sidan vi blei kjent med dei første tilfella og har heile vegen hatt tett dialog med Folkehelseinstituttet og St. Olavs hospital. Det blir gjort vidare undersøkingar av bakterieprøvane og det har vore gjennomført omfattande smittesporing blant pasientar, pårørande og tilsette, seier smittevernoverlege Jørn-Åge Longva i Helse Møre og Romsdal.

Ingen har blitt alvorleg sjuke

Longva  understreker at smitterisikoen til andre innlagte barn er vurdert som liten.

- Hos dei fleste dreier det seg om bærerskap av bakterien, og ingen av dei smitta har blitt alvorleg sjuk av MRSA. Mange barn vil kvitte seg med MRSA av seg sjølv, seier Longva.

Både sjukepleiarar, legar og anna personell som har vore innom nyfødt intensiv har blitt testa utan at ein har funne nokon med positiv MRSA-prøve. 

- For tidleg fødde barn og sjuke nyfødde er meir sårbare for smitte generelt, og vi har tatt denne situasjonen på høgste alvor. Det er lagt ned ein stor innsats frå avdelinga i samarbeid med smittevernmiljøet i helseføretaket for å kartleggje og overvake situasjonen, seier klinikksjef Skogeng. 

Ingen av barna eller foreldra som er innlagt per i dag, er smitta.