PET-CT-prosjektet er i gong

- Målet er at første pasient kan bruke scanneren i løpet av 2021, seier prosjektleiar Ida Fallmyr Jørgensen.

PET-teamet
Prosjektgruppa representert ved: Per Erik Tødenes, Jakob Kirkhorn, Ida Fallmyr Jørgensen, Einar Kaarbøe, Anne Marit Bøstrand, Robert Hoggard, Lena Pedersen, Runar Paulsen og Amalie Aarseth.

 
Det er ein månad sidan Foreninga Sjukehuset vårt klarte å samle inn nok pengar til ein PET-CT-scannar som skal plasserast på Ålesund sjukehus. Mandag 9/11 hadde prosjektgruppa for PET-prosjektet sitt første møte.
 
- Det vi er i gong med no er å kartlegge kva slags kompetanse vi treng for å drive dette nye tilbodet, kva areal vi treng, kravspesifikasjon på utstyret og kostnadsberekningar på drift av PET-scannaren, seier prosjektleiar Ida Fallmyr Jørgensen.
 

- Unik moglegheit

Prosjektet og tilbodet vil bli drifta og eigt av Klinikk for diagnostikk Helse Møre og Romsdal og er ei forlenging av det regionale tilbodet som pr i dag gis ved St.Olavs hospital.
 
Per i dag har Helse Møre og Romsdal eit godt samarbeid med St. Olavs hospital for drift av det nukleærmedisinske tilbodet. Alle tilvisningar går til St. Olavs hospital og bilda blir beskrive der.

Slik vil det vere i tida framover også. Jørgensen og legg til at dette er eit spesielt prosjekt.
 
- Det er ikkje kvar dag ein får vere med på å bygge opp eit heilt nytt pasienttilbod, så dette er spennande både for fagfolka og foretaket å få vere med på. Ikkje minst er vi veldig takknemlig for samarbeidet med stråleterapiseksjonen som låner ut areal for PET-CT og injeksjonsrom midlertidig slik at pasientar i Møre og Romsdal kan få tilbod raskt, seier Jørgensen.

Koronasituasjonen skapar utfordringar

Delar av prosjektgruppa hadde planlagt hospiteringsbesøk i andre sjukehus i tida framover, noko som koronapandemien har satt ein stoppar for.

- Dette kan skape utfordringar for framdrifta i prosjektet, men vi håper å halde tidsskjemaet så langt det lar seg gjere, seier Jørgensen.

Prosjektgruppa

  • Representantar frå Foreninga Sjukehuset vårt
  • Bioingeniør og radiograf frå nukleærmiljøet i Ålesund
  • To radiologar frå radiologi Ålesund
  • To fysikarar
  • Fagansvarleg overlege frå nukleærmedisin St. Olavs hospital
  • Prosjektleiar bygg
  • Medisinsk-teknisk ingeniør

Styringsgruppa er HMR si leiargruppe.

Prosjekteigar er klinikksjef Per-Erik Tødenes i Klinikk for diagnostikk.

Prosjektleiar er Ida Fallmyr Jørgensen i klinikk for diagnostikk.