Planlegg for vekselvis drift av fødeavdelingane i Molde og Kristiansund

- Etter fleire møte med involvering av tillitsvalde, verneteneste og tilsette, planlegg vi alternerande drift ved fødeavdelingane i Molde og Kristiansund frå 5. oktober. Dette gjer vi for å oppretthalde eit forsvarleg og godt fødetilbod på Nordmøre og Romsdal, seier administrerande direktør Øyvind Bakke.

F.v Igor Jokic, Rune Rise, Øyvind Bakke og Frank Walter.

F.v Igor Jokic, Rune Rise, Øyvind Bakke og Frank Walter.

Driftssituasjonen ved fødeavdelingane på sjukehusa i Kristiansund og Molde har over tid vore krevjande. Bakgrunnen er ein utfordrande rekrutteringssituasjon av hovedsakleg gynekologar, men også jordmødre.

Helseføretaket har fulgt driftssituasjonen tett og det er registrert eit betydeleg tal brot på vernebestemmelsane. Helseføretaket har og fått bekymringsmeldingar knytt til vaktordningane til legane.

Uhaldbar vaktbelastning

- Vi ser at arbeidstidsordningane til gynekologane med passiv vakt heime er for krevjande ved begge sjukehusa. I Kristiansund og Molde har det vore - og er - eit høgt arbeidspress og for mykje tilkallingar på den passive vakta som gjer at dagens vaktordning ikkje er mogleg å vidareføre.  Derfor har vi gjennom sommaren hatt fleire møte med fagmiljøa i Molde og Kristiansund.  Situasjonen ei tid framover inneber at vi ikkje har tilstrekkeleg med gynekologar til fagleg forsvarleg drift i Molde og Kristiansund på same tid, seier Øyvind Bakke.

Seksjonsoverlege Frank Walter i Molde og seksjonsoverlege Rune Rise i Kristiansund er einige om at vaktbelastninga slik den er i dag er uhaldbar og at det må takast grep.

- Ein vil ikkje greie å rekruttere gynekologar med det vaktsystemet vi har i dag, seier Walter og Rise.

Bakke seier at leiinga er i dialog med seksjonsleiar for gynekologane i Ålesund for sjå om Ålesund-miljøet kan bidra for å dekke opp vaktar i Nordmøre og Romsdal.

To veker i Kristiansund og to veker i Molde

Fra og med 5. oktober vil fødeavdelingane i Kristiansund og Molde veksle på å ha ope i to veker på kvar stad. Ved motsatt seksjon vil det vere poliklinisk og dagkirurgisk drift innanfor fagområdet gynekologi. Alterneringa vil foreløbig gjelde fram til 31. januar, og den vil bli evaluert under vegs.
-Det er ikkje ei ideell løysing verken for befolkninga eller helseføretaket å ha vekselsvis drift kvar 14. dag, men ut i frå totalsituasjonen er det likevel den einaste løysinga vi ser no. Parallelt vil vi arbeide hardt med å på få plass fleire fagfolk, seier Bakke og legg til:

- Vi må ha ei forsvarleg arbeidstidordning for våre tilsette. Med alternerande drift vil vi i større grad kunne legge til rette for kurs, hospitering, permisjoner og ikkje minst avvikling av lovmessig fri. Arbeidstidsordning vi planlegg for no legg også grunnlaget for mindre innleie av vikarar. Dette vil bidra til å sikre trygg og god fødselsomsorg i Nordmøre og Romsdal, seier Bakke.


- Handlar om å redde eit fødetilbod i Nordmøre og Romsdal

Overlege Igor Jokic er føretakstillitsvald for alle overlegane i Helse Møre og Romsdal. Han seier at å etablere alternerande fødselsomsorg mellom Kristiansund og Molde  handlar om å redde eit fødetilbod i Nordmøre og Romsdal sidan det ikkje er tilstrekkelig fagfolk til å oppretthalde to tilbod nå. 

- Vi må no samle oss om eit trygt og fagleg godt tilbod. Ved vekselsvis opning i Molde og Kristiansund i ei periode, så slepp dei fødande å reise til Ålesund eller Trondheim, seier Jokic.

Vil få ekstra oppfølging

- I 17 år har vi hatt ei velfungerande ordning med vekselvis sommarstenging av fødeavdelingane ved Molde og Kristiansund sjukehus. Evaluering viser at vi tilbyr eit godt fødetilbod under ferieavviklinga, og då skal vi også klare å gi eit trygt og godt fødetilbod i denne perioden i haust, seier Øyvind Bakke.

Fram til innføringa av alternerande drift blir satt i verk vil helseføretaket arbeide med informasjon og gode overgangsordninger for fødande som kjem inn like før flytting av drift/stenging slik at dei vert godt ivareteken.

- Fødande som har krav på følgetjeneste grunna lang reiseveg, vil få ekstra oppfølging i forkant av fødsel, seier Bakke.