Populært kurs om lungefysioterapi

Stadig fleire pasientar treng hjelp av helsetenesta for å handtere sin lungesjukdom. Denne veka er fysioterapeutar frå heile landet samla ved Molde sjukehus for å auke sin kompetanse innan fagfeltet.

Delar av kurset er praktisk trening

​Kurset er i regi av Norsk Fysioterapeutforbund og kursleiarar er Anne Kristine Brekka frå Sørlandet sjukehus i Arendal og Tonje Klætte fra Oslo Universitetssykehus ved Ullevål.

Praktisk trening under kurset

Ein deltakar for instruksjon av kurshaldarane Anne Kristine Brekka (i midten) og Tonje Klætte.

- Kurset skal gjere deltakarane betre rusta til å gjere undersøkingar, vurderingar og velje riktig behandling til sine pasientar, seier Klætte som har 25 års erfaring som lungefysioterapeut.




Klætte fortel at pasientar med lungesjukdom tidligare var ei nedprioritert pasientgruppe, men at det har skjedd ei positiv endring over fleire år med auka satsing på å hjelpe lungesjuke pasientar

Oversikt over kurs og konferansar

Teori og praktisk trening

25 deltakarar deltek på kurset som legg vekt på teoretisk og praktisk kunnskap, samt aktuelle teknikkar og tiltak innan pasientbehandling. Tysdag stod trening med «fløyta mini-pep» på programmet.

Trening med nini-pep

Siri Slethei Rustad bles medan Jeanette Svarstad vegleiar

- Pep skal påvirke pasientane sin lungefunksjon og lungevolum, den bidreg til å opne opp lungevev som har falle saman og den løyser opp slim. Pep-fløyta kan også bidra til å gi pasientar ein djupare og rolegare pust, seier Siri Slethei Rustad, kursdeltakar og spesialfysioterapeut ved Sykehuset i Vestfold.

Under kurset jobba Rustad saman med Jeanette Svarstad som er spesialfysioterapeut ved Førde sentralsjukehus. Rustad og Svarstad fortel om ein kvardag der dei har mykje bruk for lungefysioperapi og der dei opplever at det er ei auka satsing på å styrke helsepersonell sin kompetanse innan fagområdet.

Praktisk trening under kurset

Jeanette Svarstad er glad for å heve sin kompetanse

- Eg er særs glad for satsinga innan lungefaget. For min del opplever eg kompetansehull og tenker at kurset vil gjere meg betre i stand til å gi individuelt tilpassa hjelp til pasientane mine, både dei inneliggande og polikliniske, seier Svarstad.




Torsdag 23.januar er det fagdag om lungefysioterapi for fysioterapeutar og sjukepleiarar frå kommunal- og spesialisthelsetenesta i heile fylket. Tonje Klætte og Kristian Mikal Ellingsen ved Molde sjukehus underviser på fagdagen.

Søk og les meir om Helse Møre og Romsdal sitt behandlingstilbod til lungesyke