Prosjektoptimaliseringa gir ønska effekt

Vidareutviklinga av akuttsjukehuset på Hjelset held framdriftsplanen, til tross for koronapandemien i Norge. Under styremøtet 25.mars fekk styret sjå nye skisser frå prosjektutviklinga. 

Funksjonar plassert i sjukehusbygget

- Vi har god tru på at vi greier å utvikle eit godt akuttsjukehus. Vi har fått plassert inn alle funksjonane som er vedtatt i prosjektet og det ser vi på som ei særs positiv utvikling. Fleire uttrykker at den nye løysinga er vel så bra som forprosjektet frå 2017 og på enkelte område enda betre, sa Johan Arnt Vatnan, leiar av prosjektstyret under si orientering

Ny skisse 25.mars

Utvikling av bygget

Heile konseptløysinga er vidareutvikla sidan forrige styremøte. Psykiatribygget har mellom anna fått ein ny form og plassering på tomta og ein har jobba mykje med plassering av hovudfunksjonane i sjukehusbygget. Vidare detaljarbeid er i startfasen og vil inkludere vurdering av investeringskostnader for ulike alternative løysingar sett opp mot driftskostnadar for HMR

- Prosjektoptimaliseringa har så langt gitt oss ønska effekt med nye og gode løysingar, samtidig som vi har redusert prosjektkostnadane vesentleg. Og arbeidet skal fortsetje. Funksjonsområda skal optimaliserast for å sikre god logistikk og gode driftsmessige løysingar for føretaket, sa Vatnan

Medverkinga skal sikrast

Planen for medverking blir noko justert grunna koronasituasjonen og alle fysiske møte blir erstatta med virtuelle møte. Grunna koronapandemien ga fleire styremedlemmar uttrykk for sin bekymring knytt til at nøkkelpersonell i koronahandteringa også har sentrale roller i medverkingsarbeidet.

- Vi vil strekkje oss langt for å finne løysingar som sikrar nødvendige avklaringar og forankring med gruppeleiarar, funksjonsgrupper, tillitsvalde og verneombod i HMR. Det vil også bli gjennomført møte med brukarutvalet, sa Vatnan

Ny skisse 25.mars

Spannande tid

Vatnan orienterte vidare om at prosjektet har ei spannande tid framfor seg, men at trakta no å bli mindre og mindre med tanke på usikkerheit, noko som skapar meir tryggheit for ei god byggløysing. I det vidare arbeidet skal ein fortsetje arbeidet med å vurdere den bygningsmessige løysinga kostnadsmessig. Her blir det mellom anna fokus på industrialisering og modulløysingar som kan effektivisere produksjonen og redusere kostnadar. 

- Det er for tidleg å konkludere på om prosjektet når styringsramma som er vedtatt for prosjektet, men vi er optimistar.  Eg trur at vi vil setje ein ny standard for kostnadsnivå på sjukehusprosjekt i Norge  da vi allereie ligg langt under mange andre sjukehusprosjekt i landet, sa Vatnan.

Det pågår arbeid med ei usikkerheitsaanalyse som vil bli ferdigstilt innan nokre veker. Vatnan vil komme tilbake til styret med meir informasjon om det samla kostnadsbilete i mai- eller junimøtet.