Raskt i gang med bygningsmessige tiltak

- Like over sommerferien er vi i gang med oppgraderingsarbeidet, seier Torolv Dalheim i seksjon for eigedomsforvaltning og utbygging, etter at helseføretaket i forrige veke fekk ei ekstrabevilging på 72 millionar kroner for å oppgradere sjukehusbygga.


I forbindelse med koronapandemien har regjeringa gitt øremerka midlar til Helse Midt-Norge for å auke sysselsettinga. Det regionale helseføretaket valgte å gi heile potten til Helse Møre og Romsdal på bakgrunn av eit stort vedlikehaldsetterslep ved sjukehusa i fylket. I første omgang er det fire prosjekt som blir prioritert.
- Vi starter med oppgraderinga av 7 atrier og det tidligare legevaktslokalet ved Ålesund sjukehus. I tillegg vil vi gjennoppta arbeidet med habiliteringsbygget og meir funksjonelt areal til poliklinikkar og dagbehandling i Volda, seier seksjonsleiar Torolv Dalheim.


Atria ved Ålesund sjukehus skal bli blir eit visuelt pusterom for pasientar og tilsette.


Atrier fra 1971

Sjukehuset i Ålesund har 7 atrier som er åpne rom mellom bygg og etasjar. Under desse er det fleire etasjar, og ein er langt på overtid når det gjeld vedlikehaldet av desse atria.
-Vi skal rydde reint og gi områda ny tekking for dermed å hindre lekasjar nedover i etasjane. Så vil vi hyre inn landskapsarkitekt slik at desse romma blir eit visuelt pusterom for pasientar og tilsette, fortel Torolv Dalheim, som legg til at sjølve arbeidet vil ta til i august/september.

Bygger om den gamle Hjelpemiddelsentralen
Helseføretaket kjøpte i 2019 den tidligare Hjelpemiddelsentralen frå Statsbygg som ligg på sjukehusområdet. Her skal habilteringstenestene for barn og voksne samlast slik at ein får betre og meir funksjonelle lokale både til pasientar og tilsette. Ei samling av dette tilbodet har lenge vore etterlyst av brukerutvalet ved helseføretaket. Spesielt har foretakstillitsvalgt Hilde Furnes Johannesen og hovudverneombod Inger Ann Synes Kjerstad lagt ned ein stor innsats for å få samla dette tilbodet under eit tak.

Dalheim fortel at helseføretaket vil sende ut eit anbod på ombygginga i august, og utifrå gitte fristar, så kan ein vere igong med sjølve arbeidet i november eller desember.

Den tidlegare Hjelpemiddelsentralen nord for Ålesund sjukehus skal huse habiliteringstenester for barn og vaksne.



Startar opp arbeider i Volda
Grunna eit for høgt kostnadsbilde ble igangsettinga av ombygging av poliklinikkarealet i Volda mellombels stoppa ved påsketider. Prosjektet skal sikre betre pasientlogistikk og meir areal til poliklinikkverksemda og dagbehandling. No er nye skisser snart på plass frå arkitekten.
-Anbodet blir lyst ut i august, og om da alt går etter planen så kan det bli byggestart i november eller desember i år. Men allereie i løpet av ferien vil vi starte med forberedande arbeid som grunnarbeid, tetting og tekking, seier Dalheim, som håpar desse tiltaka vil bidra til auka sysselsetting i tråd med kriteria for dei tildelte midlane

Legevaktslokala skal takast i bruk
Før ferien blir det synfaring i dei tidlegare legevaktslokala som har stått tomme i to år. Planen er at ei lettare ombygging kan starte over ferien.
- Vi har ikkje landa på konkret innhald, men dei skal brukast til aktivitet og logistikk for å forbetre pasientbehandlinga. Det er gode lokale, men treng litt modernisering og tilpassing før vi tek dei i bruk, seier konstituert avdelingssjef Toril Eide Kongsrud i klinikk for kirurgi, som ønsker å ta lokala i bruk raskast mogleg.

10. juni vedtok også styret i helseføretaket at både ny straumforsyning ved Ålesund sjukehus samt at siste fase av fasadearbeidet ved sjukehuset skal ut på anbod. Både fasaden og straumforsyninga skal finansierast med lån.