Sidan 12. mars har beredskapsnivået i Helse Møre og Romsdal vore satt til gult.
Frå og med tirsdag 21. april blir beredskapsnivået endra frå gult til grønt.
Dette inneber at beredskapsleiinga blir vidareført med fortsatt nokre forsterka
funksjonar. Endring frå gul til grønn beredskap vil ikkje føre til endring på
dei strenge smitteverntiltaka.
- Vi er no i ein situasjon der vi skal ta opp igjen meir av den elektive
aktiviteten, og vi går i retning av meir normal drift. Sjukehusa har sidan påske
lagt planar for ei gradvis opptrapping av den normale drifta, seier Bakke som
understreker at sjukehusa i fylket er trygge, både for pasientar og
tilsette.

Adm. dir Øyvind Bakke
Han legg til at helseføretaket har utarbeidd gode planar for ytterlegare
opptrapping av kapasiteten for covid-19-pasientar.
- Tilgangen på smittevernutstyr er for tida akseptabel og under god
overvaking. Det er imidlertid eit stort forbruk som vil vedvare i tida framover,
slik at det fortsatt vil vere nødvendig med fornuftig og riktig bruk av
smittevernutstyr, seier Bakke.
- Det er viktig at vi alle held fram med å følgje tilrådingene frå Folkehelseinstituttet og
sentrale myndigheiter slik at vi klarer å halde smittespreiinga nede, sjølv om
nokre av dei strenge tiltaka no blir oppheva, avsluttar Bakke.
Helse Midt-Norge har nå fire beredskapsnivå, hvor hvit er normal beredskap.
Justeringene skjer for alle føretaka i regionen.
Beredskapsnivåa:
KVIT beredskap: (Normalberedskap).
GRØNN beredskap:
(Skjerpa beredskap). Nytt beredskapsnivå. Brukast ved situasjonar der
pasientbehandling er i tilnærma normal drift, men hendingar kan få konsekvensar
for drifta.
GUL beredskap:
(Delvis mobilisering).
RØD beredskap: (Full
mobilisering).