Sykehusapoteket vil frå måndag 6. april berre vere ope for tilsette i føretaket og for pasientar som er til behandling ved sjukehuset.

Dag Hårstad, adm. dir. i Sykehusapotekene
- Vi skal sørgje for at alle dei som ikkje har noko anna alternativ enn å nytte sykehusapoteket framleis skal få tilgang til apoteket sine tenester. Alle andre ber vi om å oppsøke andre lokal apotek i området, seier adm. dir. i Sykehusapotekene i Midt-Norge HF, Dag Hårstad
Stenger hovuddøra til apoteket
Alle som skal inn på sjukehuset må nytte sjukehuset sin hovudinngang der vektarar sørgjer for adgangskontroll. Apotekinngangen blir mellombels stengt frå og med måndag 6. april for alle andre kundar enn dei som allereie har eit ærend inne på sjukehuset, anten poliklinisk eller fordi dei er innlagd til behandling ved sjukehuset.
Auka beredskap
Sykehusapoteket omdisponerer personellstyrken sin for å førebu seg på auka leveransar til sjukehuset etter kvart som pandemien gir fleire alvorleg sjuke pasientar i sjukehuset. Sjukehusapoteket produserer også eigne legemiddel for sykehuset, bl. a kreftmedisin og antibiotika.
- Framleis er det usikkert kor mange koronapasientar det blir behov for å behandle ved Kristiansund sjukehuset. Vi vel likevel å leggje om drifta no slik at vi er best mogleg førebudd om det skulle bli satt rød beredskap ved sjukehuset, seier Hårstad