Revmatologisk poliklinikk tilbake i Kristiansund

Frå 29. oktober kan pasientar med ein allereie kjent revmatologisk diagnose få oppfølging nærare heimstaden.

​– Dette er ei reetablering som vi har jobba hardt for å få til i klinikk for kreft og rehabilitering, fortel seksjonsleiar ved revmatologisk poliklinikk, Ole Lianes. Sidan 2018 har pasientar med revmatologisk sjukdom, deriblant leddgikt, måtte reise til Ålesund for å få oppfølging. No blir det heller fem revmatologar frå Ålesund som byter på å reise til Kristiansund sjukehus to dagar kvar månad for å drive poliklinikk nærare pasientane.

Det er pasientar med lengst reiseveg til Ålesund og med mest behov for oppfølging, som i hovudsak blir prioriterte, og Lianes reknar med å kunne tilby eit par hundre konsultasjonar dei komande månadene. Dei første innkallingane er allereie sendt ut.
– Pasientane det gjeld vil få innkalling til time i Kristiansund med informasjon om oppmøtestad, fortel Lianes. Tilbodet har dei fått til i nært samarbeid med medisinsk poliklinikk som stiller rom og utstyr til disposisjon.

Lianes fortel at ein del pasientar framleis skal til Ålesund, både på grunn av kapasitet og behov.
– Nytilviste pasientar skal framleis til Ålesund sjukehus, der vi har utstyr og ressursar til nødvendig utgreiing.

Tilbodet er i første omgang eit 10-månaders prøveprosjekt som blir evaluert.

Seksjonsleiar Ole Lianes

Seksjonsleiar Ole Lianes