Sjukehusa førebur seg på å ta imot pasientar med coronavirus

Helse Møre og Romsdal har sett i verk fleire tiltak for å kunne handtere ein situasjon der pasientar som er smitta med coronavirus kjem inn til behandling ved sjukehusa i fylket.

Jørn-Åge Longva er smittevernoverlege i HMR


- Vi følgjer situasjonen nøye og er trygg på at vi har beredskapsplaner og rutinar for å handtere situasjonen dersom mange skulle bli smitta. Førebels er vi rolege i og med at coronaviruset ikkje er påvist i Norge, seier smittevernoverlege i HMR, Jørn-Åge Longva.

Følgjer nasjonale anbefalingar

Longva sier Helse Møre og Romsdal kontinuerleg oppdaterer seg på situasjonen via Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet og at føretaket følgjer til ein kvar tid oppdaterte anbefalingar.

Les meir på Folkehelseinstituttet (fhi.no)

- Sjukehusa i Møre og Romsdal kan få viktige roller dersom smitta kjem til Norge. Då vil det viktigaste vere å ta vare på kvar enkelt pasient og hindre vidare smittespreiing. Ved mistanke om smitte skal fastlegar ta kontakt med vakthavande medisinske legar ved næraste sjukehus for oppfølging, seier Longva. 

Viktig informasjon til kommunehelsetenesta

Fakta om viruset:

Nytt coronavirus (2019-nCoV) er eit tidlegare ukjent coronavirus som frå desember 2019 har ført til eit utbrot av luftvegsinfeksjon i storbyen Wuhan i Hubei-provinsen sentralt i Kina. Etter kvart er også andre område i Kina affisert, og det er påvist sporadiske tilfelle i utlandet. Tal på tilfelle og geografisk spreiing endrar seg dagleg. Verdas helseorganisasjon  (WHO) har nøyaktige opplysningar om kor stort utbrotet er på sin nettstad. Det er rapportert at dei fleste smitta har mild sjukdom, men også alvorleg lungebetennelse og dødsfall er rapportert, spesielt hos eldre med alvorleg tilgrunnliggjande sjukdom.