Har lært av Kalnes
Erfaringane frå evaluering av
Sykehuset Østfold Kalnes har vore med som grunnlag for val som er gjort
undervegs i SNR-prosjektet. I sin orientering til styret fortalte Haugen at
mykje er ivaretatt i vidareutviklinga av akuttsjukehuset. Samanlikna med førre
forprosjekt for SNR-prosjektet har ein lukkast med følgjande forhold:
- Samling av funksjonar som tidligare låg fordelt på fleire etasjar
- Bygget legg til rette for at det blir enklare å orientere
seg
- Utvendig trafikkavvikling rundt akuttmottak og varemottak er skilt på
to plan
- Sengefløyene har fått betre oversikt mellom arbeidsstasjonane som
er enklare å drifte
- Kapasiteten i akuttmottak er betre enn på Kalnes, i
forhold til sjukehusa sin storleik
- SNR er planlagd med lågare
utnyttingsgrad enn Kalnes, 85 prosent gjennomsnittsbelegg for døgnplassar (90
prosent på Kalnes) og 8 timar effektiv opningstid for planlagd verksemd (10
timar på Kalnes)
- Det vil vere mogleg å gjennomføre kohortisolering av
pasientar utan store bygningsmessige tiltak
- Sjekklista for bygg og teknikk
visar at det meste er ivaretatt.
I si orientering peikte Haugen på nokre utfordringar ved SNR-prosjektet som
dei har merka seg. Arbeidet med arealreduksjon har gjort
funksjonsområda mindre fleksible for tilpassingar og endringar. Haugen trakk
også fram behovet for å sikre ei omstilling i HMR til meir bruk av virtuell
poliklinikk i pasientbehandlinga. Ho viste vidare til at ein i
detaljprosjekteringa med val av løysingar og materialval må sikre ein kvalitet
som gjer at ein unngår unødvendige driftsutgifter i framtidig drift.