Skal du besøke eitt av våre sjukehus?

På grunn av smittesituasjonen med koronaviruset innfører Helse Møre og Romsdal restriksjonar på besøk til sjukehusa og institusjonane våre.

Koronavirus illustrasjon
Koronavirus illustrasjon

- Vi ber pårørande unngå besøk inne på sjukehusa om det ikkje er heilt nødvendig. Vi ber besøkande som har eit særskilt behov om å ta kontakt med avdelinga før dei kjem. Dette gjer vi for å redusere risikoen for smitte inne på sjukehusa, seier fagdirektør Torstein Hole.
 
Dette gjeld sjukehusa i Ålesund, Volda, Molde og Kristiansund samt tilhøyrande institusjonar.

Meir informasjon om situasjonen kring koronaviruset finn du på Helse Møre og Romsdal si beredskapsside.

Kun partnar for fødande

For fødande er det kun partnar som får komme på barselbesøk, og dette gjeld alle dei fire fødeavdelingane i fylket.  Tilsvarande praksis er også etablert ved St. Olavs hospital og i Helse Nord-Trøndelag
 
- Besøkande som har spørsmål eller særskilte behov knytt til dette kan ta direkte kontakt med si fødeavdeling, seier konstituert klinikksjef Janita Skogeng i Klinikk for kvinner, barn og ungdom.

Restriksjonar i sjukehuskantina

Sjukehuskantinene som tidlegare har vore open for besøkande, blir no kun open for tilsette ved sjukehusa. I tillegg vil salatbartilbodet i kantinene fjernast.
 
Tilbodet om matservering som frivillige organisasjonar har på enkelte av sjukehusa, vil også bli avvikla i noverande situasjon.
 
Kiosken på sjukehusa i Kristiansund, Molde og Ålesund vil fortsatt vere open for besøkande.
 
Helseføretaket beklagar ulempene dette fører med seg, men ber om forståing og omtanke for pasientane våre.
 
Hugs god handhygiene før og når du er på sjukehuset, og følg anbefalingane frå Folkehelseinstituttet.