Skal finne andre kostnadsreduserande tiltak i Klinikk for psykisk helse og rus

Dei føreslåtte tiltaka for å redusere kostnadar i Klinikk for psykisk helse og rus vil ikkje gi ønska effekt. No startar arbeidet med å finne nye tiltak som skal redusere driftskostnadar i klinikken.

Klinikksjef Karl Arne Remvik

Reduksjon av årsverk

For å få kontroll med økonomien i Helse Møre og Romsdal vedtok styret i juni 2019 å redusere kostandar i drifta tilsvarande 130 årsverk. Etter ei fordeling av utfordringa, fekk Klinikk for psykisk helse og rus i oppgåve å redusere med 18,1 årsverk. Gjennom summaren og hausten jobba klinikken med å planleggje og gjennomføre ulike tiltak, men i desember hadde dei framleis ei restutfordring på 15 millionar kroner.

Klinikken jobba difor vidare med tre hovudforslag til tiltak for å redusere driftskostnadar:

  • Nedlegging av døgnseksjonen for alderspsykiatrien ved Ålesund sjukehus
  • Tiltak knytt til seksjon for sikkerhetspsykiatri ved Ålesund sjukehus
  • Samlokalisering av seksjon for utgreiing- og behandling ved Molde sjukehus og DPS på Knausen i Molde.

Vurdering av forslaga

Forslaga til tiltak møtte stor skepsis og motstand både internt i føretaket og ute i befolkninga. Etter ein prosess med fleire møte med tilsette, føretakstillitsvalte og verneombod vurderer klinikkleiinga at ein ikkje vil oppnå ønska effekt ved å gjennomføre forslaga til tiltak. I samråd med administrerande direktør, Øyvind Bakke, vel klinikken difor å leggje tiltaksforslaga til side på noverande tidspunkt. 

Dialogen med føretakstillitsvalde og vernetenesta vil halde fram og det vil bli kalla inn til eit nytt møte i midten av mars.

- Klinikken skal jobbe vidare med å finne tiltak for å reduserer kostnadar i drifta. Vi skal ha ein ny gjennomgang av tenestene med fokus på omstillingsbehov og kostnadsreduksjon.Vi skal sjå på og vurdere organisering, dimensjonering og kapasitet for ulike tenester. Til hjelp i dette arbeidet vil vi samanlikne tilbod og drift både internt i HMR og mot andre helseføretak i Norge, seier Karl Arne Remvik, klinikksjef for psykisk helse og rus.

Omstillingsstøtte

For å støtte klinikken i det vidare arbeidet har Bakke sett inn ekstra omstillingsstøtte. Bakke legg også opp til ein månadleg oppfølging av alle klinikkar med aksjonslistar etter kvart møte.  Samtidig som Klinikk for psykisk helse og rus skal sikre budsjettbalanse, må dei ha fokus på at ventetider og aktivitet utviklar seg i tråd med den gyldne regel.