Skal sikre overgangen frå barne- til vaksenavdeling

Ungdomsrådet i HMR har heilt sidan dei vart etablert, snakka om overgangen frå barne- og ungdomsavdeling til vaksenavdeling som ei av sine hjartesaker. No har dei gitt sine meininger på ein prosedyre som skal sikre god overgang i psykisk helsevern. Ungdomsrådet håper at fleire fagområde følger etter dette gode eksempelet.
 

– Vi i ungdomsrådet er svært opptatt av at det skal vere gode overgangar frå barne- og ungdomsavdeling til vaksenavdeling, og er veldig fornøgde med at det har blitt laga ei prosedyre for dette i psykisk helsevern. Med denne prosedyren ser vi at overgangen er planlagt på ein skikkeleg måte for pasientane, fortel leiar Victoria Ulstein Sporsheim.
Ungdomsrådet vart invitert med på eit møte med avdelingssjef for distriktpsykiatriske senter på Sunnmøre, Eirik Molvær og avdelingssjef for psykisk helsevern barn og unge, Manuela Strauss.
– Eit av innspela vi kom med er at vi ønsker å få med individuell plan i prosedyren. Alle pasientar har forskjellige behov, og det er viktig for oss at dei behova blir sett, seier Sporsheim.

Betre kvalitet på pasientforløpet

Arbeidet med prosedyren har vore viktig for dei involverte avdelingane og for ungdomsrådet.
– På denne måten skal vi sikre at ungdom som skal vidare til behandling i psykisk helsevern for vaksne får ei forutsigbar og trygg overføring. Å lage ei skildring for korleis vi skal sikre dette, trur vi er ein fordel både for behandlarane og for pasientane, og vil bidra til at kvaliteten på pasientforløpa blir bedre, seier avdelingssjef Eirik Molvær.

Klare anbefalingar

Avdelingssjef Manuela Strauss fortel at det har vore givande å samarbeide med ungdomsrådet.
– Ungdomsrådet i vårt føretak er ein kjekk og framoverlent gjeng, og vi har fått tydelege tilbakemeldingar og klare anbefalingar frå dei, som for eksempel å endeleg skaffe WiFi i venterommet på BUP og at individuell plan må inn som fast tema i overføringsprosessen, fortel Strauss. Ho legg til at ungdomsrådet også har engasjert seg og gitt innspel på strategiske dokument som årlege handlingsplanar og kompetanseplan for avdelinga.

Kontakt ungdomsrådet

ungdomsradet@helse-mr.no  

Følg ungdomsrådet på Instagram @Ungdomsradet_HMR
Nettside: helse-mr.no/ungdomsradet