Slik fekk ho kontroll på overtidsbruken

Sjukehuspsykatrien i Ålesund har over tid hatt stort forbruk av overtid. I april i år snudde det.

Avdelingssjef Perny Oksnes

Avdelingssjef Perny Oksnes

I snitt utgjer kutta i utbetalt overtid 336 000 kronar per månad samanlikna med 2019.
 
- Ja, det er mykje. Men den viktigaste effekten av dette arbeidet er at eg som leiar har kome mykje tettare på leiarane under meg og ikkje minst dei tilsette. Det har resultert i ei vesentleg kulturendring i miljøet, og når vi no har kontroll på økonomien kan vi rette fokuset mot fagutvikling. Mitt inntrykk er at dei ansatte er veldig nøgd med det, seier avdelingssjef Perny Oksnes.
 

Skjema måtte leverast fysisk

Avdeling for sjukehuspsykiatri, som er lokalisert på Ålesund sjukehus, har over fleire år hatt eit stor meirforbruk av overtid. Som leiar for avdelinga, såg Oksnes seg nødt til å ta grep tidlegare i år.
 
- Enkelt forklart innførte eg registrering av overtid i eit eige skjema, og kvar veke fekk eg desse levert på kontoret mitt fysisk. Dette var for å forstå årsaka til kva som genererer overtidsbruk, slik at vi kunne iverksette tiltak, seier Oksnes.

I tillegg blei det heldt vekentlege evalueringsmøte der ein gjekk gjennom bruken av overtid.

- Dette var med på å skape ei auka bevisstgjering og ansvarleggjering på overtidsbruk - ikkje berre blant leiarane, men også blant dei tilsette. Statistikken ga oss moglegheit til å iverksetje riktig tiltak, seier Oksnes.

Seksjonsleiar Åse Helene Gjærde på akuttposten seier seg einig.

- Eigentleg er dette veldig enkelt. Skjemaet har gjort oss bevisst på kvifor vi leier inn, og det hever terskelen for å gjere det. Men når sånne grep skal takast, er det viktig at det er forankra i alle ledd. Frå avdelingssjefen på topp til oss som seksjonsleiarar, ut til teamkoordinatorar og ansvarlege sjukepleiarar som har ansvar for innleie på kveld, natt og helg, seier Gjærde.

Tilsette jobbar på tvers

Meir samarbeid på tvers har det også blitt.

- Det har definitivt resultert i større samarbeid mellom teama i personalgruppa når det er nødvendig, seier Gjærde.
 
Sidan april har avdelinga no spart over to millionar kronar på bruk av overtid.

- Men det aller viktigaste er at vi at det har endra kulturen og har auka fokus på overtidsbruk og arbeidshelse. Vi deler gode resultat i personalmøte og får mykje meir tid til å snakke fag og fagutvikling, avsluttar Oksnes.